– Det er sjokkerande og ikkje til å tru at vi har ei regjering i Norge som er villige til å påføre eit slikt formidabelt omdømmetap som reiseliv, sjømat og miljønasjon.

Det seier Anne Line Thingnes Førsund etter at det fredag vart klart at regjeringa seier ja til sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden.

– I 2015 skal vi vite langt betre om Norges og verdas miljøstandard enn å kunne tillate noko slikt.

– Krenkande

– Dette er veldig krenking av allmenn rettskjensle å vite at regjeringa har halde hemmeleg ei rekke viktige dokument i norgeshistorias største miljøsak. Det tyder på at dei ikkje har reint mjøl i posen.

Thingnes Førsund er opprørt over at regjeringa har prioritert børskursen til Nordic Mining framfor folk sin demokratiske rett til innsyn i saka.

Ho meiner difor at det er veldig viktig at ein no får ei behandling av saka i Stortinget.

– Ei stortingsbehandling vil gje den naudsynte og opne offentlege debatten som vi ikkje har fått i denne saka tidlegare, seier Thingnes Førsund og legg til at vanleg praksis i Norge i store miljøsaker er at dei blir avgjort i Stortinget.

Thingnes Førsund meiner regjeringa har latt seg lure av store ord og luftige planar, og meiner det er langt ifrå sikkert at det nokon gong blir gruvedrift i Engebøfjellet. Ho er også skuffa over regjeringa og Høgre, og meiner dei i tillegg til å ha latt seg sjølve lure – også har lurt veljarane sine.

– Noko må ha gått gale i denne regjeringa. Dette er ikkje det Høgre vi har sett før som har tatt omsyn til både natur og næring, og som mange kystfolk har vore med å stemme inn i regjering. Dette er ei krenking mot alle som bur og driv næring langs fjordane i heile Norge, som alle må ta daglege omsyn til strenge miljøkrav.

Ho meiner regjeringa har gjort stikk motsett av den lovnaden dei gjekk til val på, og kallar det heile eit enormt løftebrot.

Meiner folk er blitt lurt

– Regjeringa Solberg gjekk til val med slagordet «Nye idar og betre løysingar». Men når det berre er fire land i verda som framleis dumpar gruveavfall i sjøen kan ein konstatere at det heller er «Gamle idear og dårlege løysingar» regjeringa byr på, seier ho.

– Folk er blitt lurt, regjeringa går med dette inn for at Norge skal bli einaste landet i verda som opnar for nye utslepp av gruveavfall i sjø, ei skam for Norge, fastslår ho.

Sjølv om ho i dag er svært skuffa, er ikkje siste ord sagt, meiner ho.

– Saka står framstår enno berre som ei skisse og det er høgst usikkert om det nokon gong blir noko av. Sjøslaget om Førdefjorden er ikkje tapt – kampen held fram med fornya kraft!