Desse skal spele den første kvelden:

Turboneger toppar plakaten, og dei andre artistane er dei bosniske Dubioza kolektiv og nordnorske Dagny.

– Vi er strålande nøgde med å presentere desse artistane til opningsdagen av Malakoff. Dette er artistar som veit å glede publikum, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Frå før er Biffy Clyro, Karpe Diem, Kjartan Lauritzen, Spidergawd og Janove klare for festivalen. Fleire artistar vert offentleggjort seinare.

Festivalen vert arragnert på Nordfjordeid i slutten av juli, og har vore utseld dei siste åra.