Festsalen i Førdehuset var utstyrt med fullt lyssett scene og band. På golvet stod 82 Sondre Lerche-fans, stort sett i 30-åra og oppover. Men aller fremst, heilt framfor scena, stod det fem einslege ungdommar og dansa til musikken.

– Det er eigentleg pinleg kor få på vår alder som møtte opp i dag! seier Silje Kvellestad Jensen etter konserten (18).

– Trist

– Det er sjeldan det er konsertar i Førde, og vanlegvis er det ikkje nokon vi unge er interesserte i. Derfor synest eg det er trist at det var så få ungdommar her, seier Anne Bjørg Dombestein (18).

Det er Silje einig i.

– Det var eit litt dødt publikum, meiner ho.

I byrjinga av konserten var det eit stort tomrom mellom første rad og resten av publikummet, men temperaturen blant publikum steig etter kvart.

– Før eg vart 18 var det fleire konsertar eg ikkje kunne reise på. At denne konserten er utan alkoholservering og open for alle, synest eg er veldig bra! seier Anne Bjørg.

Ho har ofte sakna fleire og meir spennande tilbod for si aldersgruppe i Førde. Sist ho og Silje var på konsert, var det for å oppleve det britiske indiepop-bandet Bastille i Oslo. Lang reisetid er noko Førde-ungdommen er kjende med viss dei skal på konsert.

Dansa blant publikum

Sist Lerche spelte i Førde var det berre selt 8 billettar på førehand. Etter konserten forklarte Lerche kvifor akkurat Førde stod på konsertkartet hans i år også.

– Eg har aldri vore på ein episk noregsturne før, av typen der vi spelar i kvar bygd og by. Men med den kommande plata har vi lyst å spele oss varme på den, og dermed tok eg utfordringa, seier han.

Under det siste nummeret sprang Lerche av scena, medan bandet fortsette å spele. Plutseleg stod han bakarst i folkemengda og dansa til sin eigen musikk, saman med oppvarmingsartisten Miss Tati.

– Det er fint med god plass, seier han humoristisk.

Fornøgd artist

Trass i labert oppmøte var Lerche likevel full av lovord då han signerte plater og plakatar etter konserten. Silje var også storfornøgd.

– Det var heilt fantastisk, han var så energisk og inni musikken. Og eg fekk høyre alle favorittsongane, seier Silje med ein nysignert plakat i handa.

– Eg tippar mange blei heime fordi dei ikkje trudde at Sondre Lerche har ungdomsmusikk, men det er nok også veldig mange som har tenkt at ingen jamaldrande kom til å gå, og dermed ville ikkje dei heller, seier Anne Bjørg.

Ho oppmodar ungdomar til å møte opp på ting som skjer.

– Kom på konsertar, om ikkje anna for å støtte at nokon prøver å få til noko. Vi treng gode kulturtilbod for alle aldrar, men det går ikkje viss ingen er interessert.