– Eg har høyrd det skal komme om lag 15.000 folk. Så eg satsar på rundt 16.000

Charlotte Stang (15) er optimistisk for oppmøtet på VG-lista-konserten.

Ho og ein venninegjeng har tatt turen frå Stongfjorden og Kvammen for å få med seg konserten som brakar laus klokka 18 på kunstgrasbana utanfor Førdehuset.

– Skuffande vêr

Jentene kom for å sjå artisten Jesper Jenset, som er ein av fleire store namn (Sandra Lyng Haugen, Bendik, Paperboys) som skal spele i kveld. Men vêrgudane har tydelegvis ikkje fått med seg kveldens store Førde-happening. Småyr og ponchoar pregar dei hittil frammøtte.

– Vêret er litt skuffanede, men det i det minste bra det ikkje er så varmt, seier Charlotte.

Men sjølv om det kanskje er fare for å bli litt våt, meiner jentene at det er god stemning blant dei som har møtt tidleg opp. Samstemt allsang til lydprøven bekreftar dette.

– Har rikeleg med beredskap

Kjell Bolsø i politiet seier han forventar eit roleg arrangement, og håpar folk nyttar moglegheita til å få med seg denne happeningen.

– Men eg håpar vêret lettar opp snart, seier han.

Han meiner det er vanskeleg å anslå kor mange som kjem på konserten, men håpar på flest mogleg.

– Vi har rikeleg med beredskap til denne situasjonen, og satsar på å oppretthalde god beredskap både på konserten og elles i området. Både helse, brann og Røde Kors er tilstades også, seier han.