Leiarskiftet har helsemessige årsaker, og skjer før styreperioden er omme. Jorunn Ringstad seier at ho vel å tre heilt ut av styret, for å gi styret ein stabil arbeidssituasjon.

– Det ville bli for uryddig, om eg skulle vere til stades på det eine styremøtet, borte på det neste, og kanskje til stades på møtet deretter igjen. Difor har eg valt å seie heilt frå meg vervet, seier Ringstad til Firda.

Fredagens styremøte, der styret m.a. skal diskutere modellen for bil- og båtambulansetilbodet i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn, kjem til å bli leia av styrets nestleiar, Agnes Landstad. Ho vil truleg ta over som styreleiar, men dette skal enno ikkje vere heilt avklara.

Jorunn Ringstad kom inn i styret for Helse Førde i 2006, og var nestleiar i perioden då striden om sjukehusomleggingane toppa seg, før ho tok over styreleiarvervet etter Clara Øberg i februar 2012. Ringstad kom inn i føretaksstyret med tung bakgrunn som rikspolitikar for Senterpartiet. Ho sat på Stortinget frå 1993 til 2005, og var m.a. visepresident i Odelstinget. Ho har yrkesbakgrunn som lærar, og var ordførar i Askvoll i to periodar, frå 1987 til 1993.