Under torsdagens Vixen Blog Awards – bloggarane sin eiga prisutdeling – på Grand Hotel i Oslo, framførte Tone Damli Aaberge sin nye singel «Pinnacle».

– Eg er så spent, innimellom skjelv eg litt. Eg har til og med fått kramper i mellomgolvet. I dag er den ute, min første singel på veldig, veldig lenge, skriv ho på bloggen sin.

Sjå musikkvideoen nedst i saka.

Terningkast 2

Men kva som skjer vidare, ønsker ikkje manager, David Eriksen, og plateselskapet Universal å utdjupe. Dei opplyser også til VG at artisten ikkje stiller til intervju.

Etter framføringa på Grand la Tone ut eit bilde på Instagram med tittelen «Muttern er tilbake». I kommentarfeltet gir fansen uttrykk for at dei likar den nye singelen, som har gått rett inn på B-lista til P3.

Men ikkje alle i musikk-Norge likar den nye låten.

VG gir låten terningkast 2. ««Pinnacle» er et forsøk på elektronisk R & B, i ånden av Purity Ring, The Weeknd og til dels Astrid S» skriv musikkmeldar Sandeep Singh. Han meiner ho verkar lite truverdig og kallar vokalprestasjonen livlaus.

Dagbladet gir terningkast 3.

– Følast godt og riktig

Tone derimot er stolt over å endeleg vere tilbake i musikkmanesjen. På bloggen skriv ho at ho trengde musikkpausen for å finne ut kva veg ho ville ta vidare, og at ho har mange planar for 2017.

– Eg har eg hatt behov for ein pause, ikkje minst for å forske på kva retning eg ville gå. Eg har funne ut av det, og er så forelska i det nye soundet. Det er annleis, og annleis følast så sjukt godt og riktig.

Sidan deltakinga i Idol 2005 har Tone hatt fleire hits, og ho har også delteke i Melodi Grand Prix. For tre år sidan gav ho ut EP-en «Heartkill», men utan stor suksess. Sist Tone låg på VG-lista var for fem år sidan – då med hiten «Look Back».