Maria Holmefjord (27) frå Bygstad er på ny med i Miss Norway-konkurransen.

Saman med kring 40 andre jenter skal ho i tida framover prøve å kjempe seg med i semifinalen, før håpet er å bli kåra til Norges vakraste neste sommar. Vinnaren i Miss Norway går vidare til å konkurrere i Miss Universe.

Var eigentleg for gammal til konkurransen

27- åringen kom til semifinalen i fjor, men rauk ut ved finaleuttaket.

– Det var veldig kjekt å vere med sist, eg fekk delta på veldig mykje som eg elles ikkje hadde fått med meg, seier Holmefjord, som dei siste åra har gått profesjonsstudiet i psykologi i Danmark.

No er ho i Bergen og tek eit fag ved Universitetet.

– Skulen kjem først for meg, men sjølv om det krev ein del å vere med i konkurransen, så får ein til det ein vil, seier Holmefjord.

Les også: Sunnfjord-jente vidare til semifinalen i Miss Norway og Maria (26) kjempar om å bli Miss Norway

Eigentleg var gaulværingen for gammal til å vere med i årets konkurranse, men reglane i Miss Norway blei endra slik at 27-åringen får vere med også i 2017-konkurransen.

– Det handlar ikkje berre om utsjånad 

Konkurransen fungerer slik at finalistane samlar seg poeng og på den måten jobbar dei seg fram mot semifinalen. Poenga samlar dei mellom anna ved å skaffe seg sponsorar. I tillegg må finalistane jobbe med velgjerande formål. Sist jobba Holmefjord for frivilligsentralen og ho deltok som bøsseberar for kreftsaka. Kva ho skal bidra med denne gongen, har ho ikkje planlagt enno.

– Kvifor må ein jobbe med velgjerande formål når ein er med i ein missekonkurranse?

– Fordi ein bidreg med noko godt. Denne konkurransen handlar ikkje berre om utsjånad. Det er ikkje berre å levere inn eit bilde og så går ein vidare i konkurransen, du må gjere ting og vise at du bidreg med noko. Eg synest det er bra konkurransen legg opp til at finalistane skal gjere frivillig arbeid, for det kan kanskje påverke andre til å gjere det same.

I tillegg til å finne sponsorar og gjere frivillig arbeid, skal gaulværingen også delta på missekurs og catwalk-kurs.

Møter lite fordommar

– Møter du fordommar når du deltek i ein missekonkurranse?

– Veldig lite. Eg merkar at eit fåtal er meir skeptisk og seier dei aldri ville delteke i ein slik konkurranse, men at dei støttar meg. Eg har med andre ord vore veldig heldig og fått mykje støtte, seier 27-åringen, som sit att med mykje lærdom etter førre deltaking.

Som ein del av konkurransen må Holmefjord vere aktiv med blogging og på andre sosiale medium.

– Det blir ein del arbeid med dette. Samstundes har eg lært ein del frå fjoråret, då var alt veldig nytt og eg visste ikkje kva eg gjekk til. No har eg lært meir og veit kor mykje innsats eg må legge ned. Slik sett stiller eg betre enn i fjor, seier 27-åringen.