Dette seier Ingvill Hestenes, som i januar i fjor overtok som dagleg leiar i Melin Medical på Sandane. Eventyret ho snakkar om har vart i tre år der omsetninga har vakse frå 1 til 70 millionar kroner. Overskotet i fjor var på pene 13 millionar kroner.

To nye kvar dag

Og veksten stoppar ikkje der: I år ligg det an til ny dobling av omsetninga for bedrifta som no har 800 betalingsterminalar på mellom anna legekontor, private og offentlege sjukehus over heile landet.

– Dagleg blir det montert to nye terminalar i Norge, seier kvinna som leiar ei verksemd som passerte omsetningstala frå i fjor alt i utgangen av juni dette året.

– Vi har budsjettert med ei omsetning på 140 millionar kroner, og det ser ut til å halde, seier Hestenes.

Danske Jesper Ganc-Petersen kom til Gloppen som kommunelege for fleire år sidan. Her fekk han ideen om å utvikle og levere framtidas betalingsløysinar for helsesektoren. Resultatet vart terminalane som gjer at selskapet ved utgangen av 2013 dekka 80 prosent av den norske legemarknaden. 5500 fastlegar brukar systemet.

Frå 1 til 12 på Sandane

Sist haust vart hovudadministrasjonen flytta til Sandane, og fram til no har tal tilsette vakse frå ein til ti. I løpet av kort tid er ytterlege to på plass i kontorlandskapet i det gamle meieribygget å Sandane. Dei resterande 40 tilsette jobbar i Oslo.

– Suksessen er ein stor motivasjonsfaktor og drivkraft; det er motiverande å vere med å utvikle framtidas løysingar. Vi ser også at vi utgjer ein skilnad for pasientar og helsevesenet. Dette er viktig og bidreg til å skape ein viktig eigarskap blant dei tilsette, seier Hestenes.

Ho har kontor både på Sandane og i Oslo, og ser etableringa av administrasjon på Sandane som eit viktig grep.

– Alle stabs- og økonomifunksjonar er etablert på Sandane. Det blir ein prøveklut, og vi veit at viss vi får ein desentral struktur til å fungere her, kan vi få det til over heile verda. Og vi er på god veg til å lykkast, seier ein travel sjef på telefon – i drosje på veg frå Gardermoen i Oslo.

Vil bli verdsleiande

–– På sikt er målet å bli verdsleiande innan pasientadministrasjon og pasientkommunikasjon, seier Ingvill Hestenes.

– I første omgang er alle dei skandinaviske landa spennande, og det er klart vi skal satse i utlandet i løpet av 2015. Kvar vi startar er enno ikkje avgjort, seier Hestenes.

Neste generasjon terminalar er tekne i bruk. Terminalar som er utvikla i samarbeid med blindeforbundet og dermed er brukarvenlege for svaksynte. Terminalane har også universell utforming.

Det er også eit faktum at selskapet i fjor kjøpte inkassoselskapet Saga Collectors med base på Hønefoss. Dette er no 100 prosent eigd av Melin Medical, i dotterselskapet Melin Collectors, og blir samlokalisert med avdelinga i Oslo.

Det er også kjent av at helsestyresmaktene og KS meiner gebyret på fem kroner for kvar betaling er ulovleg.

– Vi ser at finansavtalelova og folketrygdlova ikkje harmoniserer, og jobbar no opp mot desse aktørane for å få til ei harmonisering, seier Ingvill Hestenes.