To tidlegare Sogndal-spelarar samlast i plankebyen no når Fredrikstad Fotballklubb skal forsøke å berge plassen i OBOS-ligaen.

For frå før av er det kjent at Mons Ivar Mjelde tek over som trenar for klubben, etter Jan Halvor Halvorsen.

No har han også signert ein tidlegare Sogndal-spiss.

Les også: Høyr Flo snakke flytande dansk!

Klubben stadfestar på sine heimesider at Flo har signert for FFK.

– 27-åringen kan kle fleire roller, men er i utgangspunktet tiltenkt spissplassen ved sidan av Sanel Kapidzic i Mons Ivar Mjelde sitt 4-4-2-system, opplyser klubben på sine nettsider.

Flo kjem frå den danske klubben Silkeborg, der han har vore etter at han forlét Odd Grenland etter eit halvår i klubben.

Flo er speleklar for FFK til helgas kamp, og har skrive under ei kontrakt ut sesongen.