Kommunereformbegeistringa har gripe mange. Alle rådmenn og ordførarar vil vere med, Gloppen melder seg òg inn i Sunnfjord. Solund og (og Gulen?), lengst ytst og sør vil òg ha rådhus i Førde. Sunnfjord ligg faktisk heilt i fremste rekke av kommunar i landet i drøftingane om kommunesamanslåing, òg med det store tal kommunar som er med. Alle som er med i drøftingane, melder om godt forhandlingsklima, alle er positive og sjenerøse, alle likar kvarandre, her gjeld det å trykke på «like»-knappen og ikkje bli ståande utanfor. Det at alle andre vil vere med, ser ut til å vere hovudargumentet, og det er ganske tynt!

For det store spørsmålet i denne prosessen må vere: Kva skal det vere godt for? Når vi no skal skrote kommuneorganisasjonar som stort sett fungerer godt, så er det eit så stort sjansespel at vi må vite eller ha klare tankar om kva resultatet skal bli. Er vi først inne i storkommunen, så kan ikkje dette gjerast om. Då er det handlingane som tel, ikkje dei gode intensjonar der alle lovar å arbeide for det beste. Då hjelper det ikkje at ordføraren i Førde, som «storebror» i kommunesamanslåinga, uttalar at Førde må vere rause.

Når kvardagen kjem, og den praktiske politikken skal utformast, når folk skal få tenestetilbodet sitt, når folk skal nå fram til rådhuset, når fleire hundre kommunestyrerepresentantar har blitt 45 og skal gjere vedtak for heile den vidspreidde kommunen, når budsjett og alle ulike betalingsordningar og prisar og it-system skal smelte saman – det er då vi veit kva kommunesamanslåinga har ført til. Dit er det langt fram, og det er sjølvsagt umogleg å vite alt. Og vi må våge oss på noko usikkert, når vi skal ha noko betre, men då må det vere sannsynleg at det blir betre. Og det har det vore ført lite dokumentasjon på. Regjeringa er ute med lokkepengar til dei som vil slå seg saman, men dei dei blir det fort slutt på og kan ikkje vere avgjerande for kommunereforma, likså lite som tvang.

Kommunesamarbeid er òg bra når det skjer mellom sjølvstendige og ganske likestilte partar, der kommunar som er sterke på eit område, kan yte til dei som ikkje er så sterke

Edvin Helgheim

 

Geografisk blir dette ein uhyre krevjande og spreiddbygd kommune. Og det blir ikkje meir storby av at 500/3000/12000 innbyggarar blir til 50 000, når folk framleis bur på dei same plassane, når kommunen består av 2 store, nokre mellomstore og mange små sentrum og grender. Korleis blir det å styre ein slik kommune? Korleis skal ein klare å ta vare på alle delar av kommunen?

Geir Vinsand (konsulentfirmaet NIVI analyse) heiter ein kar som må reknast som ekspert på kommunereformer. Han har følgt og vore delaktig i alle kommunereformer frå Scheikomiteens dagar på 60-talet fram til i dag. På eit møte i Florø nyleg snakka han mykje om identitet og det å høyre til. Og så teikna han eit kommunekart for Sogn og Fjordane, der han la vekt på at kommunar som naturleg høyrer saman, geografisk og historisk, må finne saman. T.d. Hafs-kommunane, Indre Sunnfjord, Indre Sogn, Flora/Bremanger og ev. andre kystkommunar.

Han har forska mykje korleis det har gått med kommunesamanslåingskommunane. Mange kommunesamanslåingar har vore fornuftige og gjeve meir livskraftige kommunar, andre har det gått dårlegare med. Dårlegast i dei samanslåingane der to «tvillingbyar» slår seg saman: To relativt store kommunar med sterke senter. Desse storkommunane fungerer dårleg med sterke innebygde motsetningar. I Sunnfjord er Flora og Førde slike tvillingbyar. Det er to byar med ei positiv utvikling kvar for seg, men der vi må rekne med sterke motsetningar og mange dragkampar, uansett gode intensjonar. Og for småkommunane/småsentera som skal ta omsyn til desse to, kan vi godt tenke oss ikkje blir enkelt. Det kan vere tøft nok å ta omsyn til eìn storebror …

Kommunar som høyrer naturleg saman, må gjerne slå seg saman dersom det blir bra for dei aller fleste. Men kommunesamarbeid er òg bra når det skjer mellom sjølvstendige og ganske likestilte partar, der kommunar som er sterke på eit område, kan yte til dei som ikkje er så sterke. Og næringsliv og reiseliv går på tvers av kommunane, og blir lite påverka av kommunegrensene, men alle får dyrke sitt særpreg. Det blir likså mykje felles arbeidsmarknad t.d. mellom Førde og Flora med eller utan kommunegrensene. Frykta for å «bli ståande utanfor» må ikkje styre denne prosessen.