Her er litt stoff om artistane som opptrer fredagen på SommarFlora:

Drusar

Enkelte meiner Drusar er Sogn og Fjordane sitt beste rockeband! Det ”luktar” AC/DC når Drusar trykkjer til med herlege gitarbaserte rockelåtar fulle av rytmisk liv og tekstar på dialekt som er som skapt for allsang-refreng! Gitarar i brunst gjev deg tonekunst, bass solid som stål flagrar i ditt hår. Øyrevoks smelta, halvlitrane velta. Hald deg fast, skiten råkk er vår last! FLAT FUZZPEDAL!!!!!!!!!!!!

NRWY

Sognekarane i NRWY er eit rockeband lokalisert på den melodisk-melodramatiske enden av skalaen, framleis med Erik Grov si crispy velkjende stemme i front. På SommarFlora har NRWY med seg EP, nytt materiale og ikkje minst speleerfaring frå The Cavern i Liverpool!

Dag Ingebrigtsen

Treng vi seie meir enn Forelska i lærer`n? Dag Ingebrigtsen og hans The Dynamite Kids vil stå for den perfekte allsang-avslutninga på fredagsprogrammet. Dag fekk sitt gjennombrot med The Kids og ”Forelska i lærer`n” i 1980. Han var med å starte opp TNT i 1982. Han har bidratt i band som Stage Dolls, Motorpsycho og Ralph Myerz and the Jack Herren Band. Og han har vore frontfigur i banda The Grønne Glitrende 3 og Dag og TinDrum. Syng med i ein forrykande allsongvennleg rockekonsert med låtar som Hun er forelska’ i lærer’n, (Kings of the) Seven Seas, Drums of war, Vil du værra’ med mæ’ hjem i natt, Harley Davidson o.s.v.

KONKURRANSESPØRSMÅL:

1. Kva heiter bandet Dag Ingebrigtsen debuterte med?

2. Kva årstid syng NRWY om i sangen "There`s only so much a man can take"? NRWY

3. I låten "Tonge tanka" syng Drusar om ein ønskjeleg effekt av at tida går. Kva er det tida gjer? HØYR DRUSAR.

Send svar på epost redaksjon@firdaposten.no. Vi trekkjer ut vinnarane fredag kl. 10. Billettar må hentast hos Firdaposten i Florø.