Bremanger Fryseri er eit bygg det er enkelt å legge merke til, der det ligg ytst på moloen i Iglandsvik. I vakre omgjevnader er det gamle bygget, som har vore den største private arbeidsplassen i bygda, no blitt ein skamplett.

Ifølgje det Firdaposten kjenner til er det ikkje berre forfallet som er problematisk, men at bygget står ulåst og at ungdommar har teke seg inn i bygget. Medan forfallet er tydeleg, er det samstundes snakk om sikkerheita i bygget der vindauge er knuste, glasbrot ligg på golvet side om side med morkna tak- og vegplater. Fleire plassar heng taket ned og takisolasjon fyller gangane. Alle avløp på taket på betongbygget er tette, og det minner meir om ein idyllisk innsjø omkransa av grøne vekstar og med ein eigen måsekoloni, enn taket på eit industribygg.

Historia bak

I 2007 skulle det gamle industribygget på Iglandsvik i Bremanger seljast etter at selskapet Bremanger Fryseri AS gjekk konkurs. Klar til å overta stod det nyoppretta selskapet Bremanger Sea and Residences. Styreleiar i selskapet, Monika Liseth Dingen var sparsam med opplysningar, men avslørte planar om at det var snakk om å rive bygget og bygge eit turistanlegg med 100 fritidsbustader, selskaps- og kongresslokale, serveringsareal, symjebasseng og andre fasilitetar, samt eit båtpleiesenter. Seks år etter står bygget urørt, og forfallet er tydeleg.

Eigarane til fryseriet

Selskapet vart oppretta same månad som kjøpet tok plass med Bergen som føretaksadresse og Dingen som styreleiar. Med seg har ho to kapitalsterke investorar, høvesvis Kjell Haugland (56) frå Storebø og Gunnar Hop (59) frå Kopervik. Desse er ifølgje Brønnøysundregisteret framleis med som eigarar. Eigarane av Bremanger Sea and Residences er dei to investeringsselskapa Odin Investering AS og Mondin Invest. Odin Investering eig, med Hop til dagleg leiar og Haugland til styreleiar, 66,67 % av Bremanger Sea and Residences, medan selskapet til Liseth Dingen, Mondin eig 33,33 prosent.

Kommunen er på saka

Ordførar i Bremanger, Karl Vidar Førde, seier at kommunen er klar over tilstanden på bygget. Tidlegare i år var dei på synfaring saman med Kystverket, og dei ønskjer å sjå bygget utbetra og sikra. Når ferien er over skal dei ta opp saka.

- Dette er ei sak vi jobba med og skal halde fram med når hamnekonsulent Monika Sande er attende i haust, seier han.

- Akkurat kva tiltak eller pålegg kommunen kan komme med, er framleis uvisst. I første omgang håpar ordføraren at dialog med huseigar kan føre fram. Eg og hamnekonsulent Monika Sande skal sjå på kva som kan gjerast. Vi håpar å opprette ein god dialog med huseigar i første omgang, så får vi sjå kva som må til, seier han.

Etter mange forsøk har Firdaposten ikkje lukkast i å oppnå kontakt med styreleiar Monika Liseth Dingen i Bremanger Sea and Residences.