Oljemåleriet ”Epletre i blomst på Sandalstrand” av Nikolai Astrup skal under hammaren på Høstauksjonen til Christiania Auktionsforretning i kveld.

Fire Astrup- og tre Eikaas-verk skal under hammaren

– Astrup er framleis i vinden, særleg prisane på handkolorerte tresnitt har vore veldig bra i det siste, seier kunstansvarleg Pascal Nyborg i Christiania Auktionsforretning.

I kveld er det kunstauksjon hjå den velrenommerte auksjonsforretninga i Oslo. Fire verk av Nikolai Astrup, eitt tresnitt, eitt oljemåleri, ein akvarall og ei blyantteikning skal under hammaren. Også tre verk av Ludvik Eikaas skal auksjonerast vekk.

– Fint og berømt motiv

– Det er fleire som samlar på Astrup, det er ofte rift om verka hans. Prisane var litt høgare før, no er folk veldig kvalitetsbevisste, men dei betaler for topp kvalitet, seier Pascal Nyborg.

Oljemåleriet ”Epletre i blomst Sandalstrand” er 52 gongar 72,5 centimeter og har ei prisvurdering på 700.000 kroner.

– Det er eit fint og berømt motiv, og storleiken på biletet er veldig bra. For 10-15 år sidan ville nok prisen vore over ein million, men vi har korrigert denne til dagens marknad. Det er eit godt, men ikkje av dei aller finaste oljemåleria, seier Nyborg og understrekar at Christiania Auktionsforretning gjerne set prisvurderingar litt lågt for å få i gang bodrundane:

– Prisane endar ofte høgare enn vurderingane våre.

Akvarell og tresnitt

Akvarellen ”Landskap” på 18 gongar 24 centimeter har ei prisvurdering på 8.000 kroner.

– Han er litt spesiell, men fin i fargane, meiner Nyborg.

Tresnittet ”Gammel mann” er 42 gongar 27 centimeter og verdsett til 12.000 kroner.

– Det er eit veldig flott tresnitt i god stand, laga på japanpapir, opplyser kunsteksperten.

Det siste Astrup-verket på auksjonen i morgon, er ei blyantteikning kalla ”Mannsportrett” på 24 gongar 31 centimeter, vurdert til 8.000 kroner.



Ludvig Eikaas

Også tre av Ludvig Eikaas sine verk skal under hammaren i Oslo.

Tresnittet ”Hest i vind” på 50 gongar 67 centimeter er verdsett til 4.000-6.000 kroner, metalltrykket ”Stilleben med sitron” er vurdert til 3.000-4.000 kroner, medan ”Landskap med hus” har ein antatt verdi på 8.000 kroner.

– Interessa for Eikaas-kunst er meir selektiv og avhengig av type motiv. Dei beste kunstverka hans går høgt i pris. Eit oljemåleri på 50 gongar 70 centimeter kan vere verd 15.000 eller 100.000 kroner, avhengig av motiv og tidsepoke, seier Nyborg.

– Ikkje så enkelt som før
– Kva kan du seie om den generelle prisutviklinga i kunstmarknaden?

– Det er ikkje så enkelt som før. Då betalte ein for signaturen. No er kvaliteten og den tekniske tilstanden viktigare, det er dyrt å restaurere kunst.

Det er vanskeleg å spå kor stor interessa for verka til dei to Jølster-kunstnarane blir på auksjonen i kveld.

– Særleg dyre objekt får vi ikkje inn bod på før siste dagen, seier Pascal Nyborg.

Ein kan legge inn bod både via Internett, telefon eller ved å vere til stades i salen.

Også tresnittet ”Gammel mann” skal auksjonerast vekk.