Illustrasjonsfoto.

Flinke busspassasjerer

Av 9230 busspassasjerer som vart kontrollert i Vegvesenets landsdekkande beltekontroll i sist veke fekk berre 237 av passasjerane gebyr. Det var på 1.500 kroner.


I tillegg vart 535 sjåførar kontrollert, og ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å bruke belte.

- Gebyr er eit verkemiddel for å vise alvoret av å ikkje bruke belte. Bilbelte reddar liv, og vi vil at det skal verte like naturleg å bruke det i bussen som i bilen, seier avdelingsdirektør Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Det er andre gongen Statens vegvesen har landsomfattande kontrollar der det vert ilagt gebyr til busspassasjerar.


Du kan skade andre
Å bruke belte i buss er ikkje bare viktig for eigen tryggleik, det hindrar også at du skader andre.

- Det er heldigvis få ulykker med buss, men om det først skjer ei ulykke, er skadepotensialet enormt. Sit du utan belte, risikerer du ikkje bare å verte skadd sjølv. Du kan også treffe andre passasjerar med stor kraft. Dette er noko vi legg vekt på i informasjonsarbeidet vårt, forklarer Lutnæs.


Må få inn vanen
Norge er på verdstoppen når det gjeld bruk av belte i bil, mykje takk vere målretta arbeid med informasjonskampanjar og kontrollar i mange år.

- Grunnen til at de fleste ikkje brukar belte i buss er at de ikkje har vanen inne. Vi håpar at gebyrea kan ha ei avskrekkande effekt. Dei fleste er trass alt klar over at det er påbod om å bruke belte i bussen også, seier Lutnæs.


Fleire kontrollar
Statens vegvesen vil fortsette å kontrollere beltebruk i buss.

- Oppfordringa vår er klar. Er det belte i bussen – fest det! Då sparer du 1.500 kroner om du vert stoppa i kontroll. Og enda viktigare, skjer det ei ulykke, kan du også spare liv, seier Lutnæs.

2017-tala er vanskelege å samanlikne med 2016-tala då det er nye kontrollmetodar og observasjonsprosedyrer.

- Vi vil naturlegvis følgje utviklinga framover. Aller helst skulle vi sett at vi slapp å skrive ut desse gebyra, seier Ingrid Heggebø Lutnæs.

NHO Transport, Norsk Transportarbeiderforbund og Yrkestrafikkforbundet er Vegvesenets samarbeidspartnarar i arbeidet med beltebruk i buss.