Selja forlag byr på bøker for ein kvar smak og håpar mange lokale bøker vil hamne under juletrea i år også. Forlaget held til i Førde og har tre tilsette. Frå venstre Torkjell Djupedal, Anne Britt Fedøy og Liv Grimsbø.

Kunst, kulturhistorie og kloke ord frå Selja

Selja Forlag feirar 20-årsjubileum med bøker om kunst, historie, kultur og kloke ord.
- Vi skal vere eit vestlandsforlag, og haustens bøker har litt for ein kvar smak, seier forleggjar Torkjell Djupedal.


Han er ekstra stolt av «Nordfjordboka», som presenterer stort og smått frå dei sju nordfjordkommunane over meir enn 500 sider.

- Dette er noko av det største vi har laga, og vi hadde høge ambisjonar: Det skulle bli boka for alle med interesse for Nordfjord, og det trur eg det kan bli. Tittelen signaliserer at du får det som er verdt å vite om regionen – både det store biletet og dei små detaljane. Her er både kultur og historie tilrettelagt som ei bruks- og oppslagsbok, seier Djupedal.

Han brenn og for å løfte fram kunstnaren Bernt Tunold frå Selje. Biografien «Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått» gir eit godt innblikk i livet og kunsten hans.

- Tunold levde på mange måtar eit miserabelt liv. Men han var ein av dei store kunstnarane vi har hatt på Vestlandet, og det viser boka tydeleg, seier Djupedal.

Ei anna stor og viktig bok er bind 2 i allmennsoga om Flora kommune: «Historia om Flora. Bymann og fiskarbonde 1860-1945.»

- Historieverket vert fullført neste år med bind 3, og vil bli eit av dei største vi har laga. Dette er bøker vi er stolte av. No nærmar vi oss vår tid og følgjer framveksten av byen, så det blir meir og meir interessant, lovar Djupedal.

Meir lokalhistorie finn vi i «Laks, lordar og lokalmat» som fortel 150 års historie om Sivertsens- og seinare Gloppen hotell og utviklinga av bygdebyen Sandane. Den er krydra med gode fiskeskrøner og mange flotte historiske foto.

Den som ønskjer seg litt lettare lesestoff, kan gle seg til Fridtjov Urdal si andre bok med kloke ord. «Fridtjov. Ord i tide og utide». Og elles er Jens Brekke si humorbok «Dei seie so» endeleg ute i ny utgåve etter å ha vore utselt i fleire år.

- Fridtjov er ein kar mange har eit forhold til, og som gir uttrykk for ein slags livsfilosofi gjennom sine kloke ord. Og Jens Brekke si “forsking” på skilnaden mellom sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar vil få mange til å flire høgt. Dette er kjekke bøker som mange vil ha glede av, meiner forleggjaren.

Nikolai Astrup er i vinden med store utstillingar i inn- og utland, og i samband med det har Selja Forlag gitt ut ei ny og utvida utgåve av “Nikolai Astrup og Jølster” i oppdatert og kraftig utvida versjon. Mellom anna for å gje større plass til kunsten.

Ei anna spennande historie Djupedal er glad for å fortelje er historia om Einar Seim som mellom anna reiste til Shetland og samla gamalnorske ord.

- Det er ei original historie, og tillegg kan boka brukast som ei reisebok i fotefara til Seim på Shetland. Det er eit spennande reisemål det det er lett å finne spor til Noreg i gamal tid, seier Djupedal.

Boklista frå Selja Forlag 2016

Fridtjov Urdal: Fridtjov. Ord i tide og utide.
Jon Tvinnereim m.fl.: Nordfjordboka - Kulturhistorisk vegvisar.
Magnus Helge Torvanger: Einar Seim. I norske fotefar på Shetland.
Gaute Losnegård: Historia om Flora 2. Bymann og fiskarbonde 1860-1945.
Solveig Berg Lofnes: Nikolai Astrup og Jølster.
Jan Landro: Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått.
Rolf Melheim: Gamle Eid og Hornindal.
Arnold Sunde: Steintavlene. Historier frå eit liv i Stryn.
Ove Eide: Laks, lordar og lokalmat. Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år.
Jens Brekke: Dei seie so…om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen (2. utgåve).
Anne Marta Hoff m. fl.: Kyrkjene i Selje. Selja – Selje – Leikanger – Ervik 996–2016.
Jan Petter Hoddevik: Krigsforliset “Sanct Svithun” (2. opplag).
Torbjørn Rørvik (red): Årboka for Sogn og Fjordane 2015.