Ruben Flatjord Kjøsnes vann juniorprisen for filmen sin. (Foto: Jenny Eiken Mo)

Ruben vann juniorprisen

Ruben Flatjord Kjøsnes frå Stardalen i Jølster har laga den morosame filmen «Pelle oppå Heida», og fekk juniorprisen under Sogndal filmfestival torsdag kveld.

Filmen er inspirert av Vassendgutane sin melodi med same tittel, og juryen meinte filmen hadde ein humoristisk vri, var laga godt til musikken, og at det var god bruk av lyd i tråd med forteljing.

Du kan sjå filmen på NRK sine sider.

Sunnmøringane tok føre seg
Det var likevel sunnmøringane som stakk av med flest prisar på festivalen. «The Letter», hovudregi av medieelev Simon Gjerde Tonev ved Akademiet vgs i Ålesund var både folket og juryen sin favoritt, og fekk til saman fire prisar, mellom deipublikumsprisen.

Filmen handlar om ein soldat sine siste ord gjennom eit brev han skriv til familien sin. Der uttrykkjer han frustrasjon og tankar om kor meiningslaust krig er, ein orgie i lydeffektar og musikk, og effektiv bruk av effektar og godt handverk ved klippebordet. Juryen meinte at «The Letter» var ei høgaktuell.

Rører ved oss
Filmen «Hjartebarn», laga av medieelevar Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad ved Volda vidaregåande skule var også ein film som fekk fram eit breidt spekter av kjensle. Filmen handlar om ei mor som fortel om då babyen hennar vert sjuk, og tek for seg eit vanskeleg tema på ein respektfull måte som rører ved oss som sjåarar, meinte juryen. Hjartebarn fekk prisen for beste dokumentar og for beste film.

Strålande nøgd
- Me er veldig nøgde med juryen og arbeidet dei har gjort med å plukke ut vinnarar, fortel festivalsjef Sunniva Breidvik. Juryen sin leiar, Stein Magne Os, stadfestar at det i år var høgt nivå på filmane.

- Det er like kjekt kvart år å gå gjennom desse filmane og sjå kva ungdomen har laga, sa juryleiar Os då han skulle dele ut prisen «Juryen sin favoritt». I juryprisen 2017 var alle dei 40 innsende bidraga nominert. Ikkje uventa var det «The Letter» som gjekk av med sigeren.

Astrup-film
I kategorien sport var det i år mange nominerte filmar. Prisen for beste sportsfilm gjekk til «Vår beste dag» for eit spektakulært fotoarbeid, ein film laga med kjærleik, som har høg «gåsehud-faktor», var mellom kommentarane frå juryen om filmen, produsert av Matias Myklebust.

Seniorprisen i år gjekk til «Oslo Traffic», laga av Marta Huglen Revheim, ei samfunnsaktuell og tankevekkjande historie.

På fagdagen fredag fortalde mellom andre produsent Einar Loftesnes om sine prosjekt, inkludert ein animasjonsfilm (som norsk co-produsent), «Richard Storken», som skal lanserast i mai i år. Han arbeider også med å finansiere ein film om kunstnaren Nikolai Astrup.