Prosjektsjef Magnar Myklatun i Skanska og Konserndirektør Ola Lingaas i SFE Produksjon signerer kontrakten. Bak står prosjektleiar Bjørn M. Bruvik frå Skanska og prosjektleiar Arild Bruland fra SFE.

Skanska byggjer Østerbø kraftverk

Skanska skal byggje Østerbø kraftverk i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane, melder selskapet.

Kontrakten har en verdi på rundt 350 millioner kroner. Det er SFE Produksjon som er oppdragsgjevar, og gjennomfører prosjektet i samarbeid med BKK Produksjon.

Kontrakta omfattar driving og sikring av om lag 7,1 km tunnel; boring av fire sjakter; utsprengning av kraftstasjon i fjell, samt betongarbeid i kraftstasjon, portal og i fleire inntak oppe i fjellet. Fleire av arbeidstadane er veglause og vil kun ha tilkomst med helikopter.

Østerbø kraftverk skal byggast 600 meter inne i fjellet ved Østerbø. Lenger oppe i fjellet skal kraftverket hente vatn frå magasinet i Nykjevatnet, som igjen får overført vatn frå mellom andre Strupefossvatnet i Mjølsvikvassdraget. Området byr på spesielt gode, naturlege føresetnader for vasskraft. Nykjevatnet er eit naturleg magasin med stor lagringskapasitet og veldig god reguleringsevne.

- Tradisjonelle vannkraftutbyggingar er eit viktig kjerneområde for anleggsvirke vårt og vi er glade for å ta del i enda eit prosjekt der vi kan bidra til å ta vare på våre kjeder for fornybar energi, fortel Steinar Myhre, konserndirektør med ansvar for anleggsvirke i Skanska Norge.



Kraftverket vil ha ein årleg middelproduksjon på 165 GWh, som tilsvarar omtrent straumforbruket til 8000 husstandar. Byggestart er mai 2017 og prosjektet vil vere ferdigstilt i løpet av 2020.

Nykjevatnet er et naturlig magasin med stor lagringskapasitet og veldig god reguleringsevne.

Nykjevatnet er et naturlig magasin med stor lagringskapasitet og veldig god reguleringsevne.