Komande veke - veke 17 for dei som reknar året slik - er det verdas bokdag på biblioteket, med mange ulike aktivitetar.

Verdas bokdag – ei heil veke

Gloppen folkebibliotek inviterer til ei veke med overraskingar og mange ulike aktivitetar for store og små ei heil veke frå måndag av.

Det blir rebus, quiz, leite- og finneoppgåver, tippekonkurranse, lesehole, lyttekrok, teiknerom, strikkekrok, leikande diktskriving, lesesti, kaffi- og lesekrok.

Biblioteket i Trivselshagen har mange reolar på hjul, som har sin faste plass til vanleg. Men denne veka vert det heilt «omkalfatra» - og alle må leite på nye stader for å finne fram, og kven veit, kanskje oppdage noko nytt? Vi leikar både med bøker, litteratur, bokstavar, bokhyller og bibliotek denne veka.

Dette er biblioteket si markering av Verdas bokdag. Det fulle namnet er Verdens bok- og opphavsrettsdag, og er ein FN-dag som vert markert årleg 23.april.

Dagen vart vedteken som FN-dag av generalforsamlinga til FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) i 1995.

Verdens bok- og opphavsrettsdag baserar seg på en gamal tradisjon frå Barcelona, der ein kvart år på same dag set byen i boka sitt teikn.

Datoen har symbolverdi - då både Cervantes og Shakespeare døde på denne dagen i 1616. Verdens bok- og opphavsrettsdag vert feira i meir enn hundre land over hele verda.

I Norge har dagen vore feira sidan 1997. Gloppen folkebibliotek tek dagen på etterskot, men til gjengjeld ei heil veke.

Det blir vanlege opningstider, alle kan delta som dei vil. Blir det mest livleg myldring, eller stille lesing med ein kaffikopp? Det avgjer dei besøkande. Velkomen til ei heilt spesiell veke i biblioteket!