Det er aller første gong at NRK-avdelingane på Vestlandet går saman om ei slik musikalsk storsatsing. Saman inviterer dei kjende artistar, men også nye talentfulle navn til den store scena i Grieghallen.

-Dette blir ein fest for alle. Med namn som Morten Abel, Fargespill, Jan Toft frå Vamp, Sigrid Moldestad, Iselin Solheim og Razika skulle det vere noko å glede seg til for heile familien, seier prosjektleiar i NRK, Stian Sjursen Takle. Han håpar at vestlandet klarar å fylle storsalen, og vise korleis ein lagar vakker og stemningsfull julekonsert på vestlandsvis.

For første gong

Lista over dei som skal på scena inneheld også Olav Stedje, Claudia Scott, Hilde Selvikvåg, Christine Sandtorv, Egil Eldøen, Randi Tytingvåg, Hanne Sørvåg, Britt-Synnøve Johansen og Voksne herrers orkester. Sjeldan har vel så mange ulike vestlandsartistar stått på same scene i Grieghallen. Fleire av artistane skal også synge saman for aller første gong. Det kan også kome ei eller anna overrasking på scena.

Latter og tårer

-Det som er sikkert er at dette blir ei unik oppleving som ingen har opplevd før. Målet vårt er å skape god julestemning for alle. Det å sjå ungar frå alle moglege nasjonar synge og danse saman, å høyre tekstar som utfordrar oss til å bry oss, det å få ei tåre trillande nedover kinnet og latter til å fylle oss med varme og håp. Alt dette blandar vi saman i ein herleg konsert. Det vert sjølvsagt kjende julelåtar, men også nokre eigne låtar frå artistane som passar godt i denne tida, seier Sjursen Takle.  Ønskjer å skape magiArrangørane er veldig forsiktige med å røpe for mykje av innhaldet, men fortel at Morten Abel truleg kjem til å urframføre si nye nyttårslåt, for første gong syng Olav Stedje, Egil Eldøen og Claudia Scott saman på "Det lyser i stille grender" og trioen Randi Tytingvåg, Hanne Sørvåg og Britt-Synnøve Johansen skal framføre sin nye julesingel og Voksne Herrers Orkester skal vere hussband.

Vestlandske programleiarar

Programleiarar for den store julegallaen er også begge vestlendingar. Humorist og programleiar i PILS, Finn Tokvam, får med seg musikar Sigrid Moldestad, som også mange har blitt kjent med frå scena på Den Nationale Scene det siste året. Begge er veldig glade i jula, og gler seg stort til å få lede alle gjennom den varierte musikkfesten i Grieghallen.

Stor TV-produksjon

Konserten skal også bli TV-underhaldning for resten av landet. Eit stort team frå NRK med buss, kamera og kraner skal i sving for å skape dei beste og mest stemningsfulle TV-bileta til folket framfor skjermane. Resultatet skal sendast midt i beste TV-sendetid på NRK1 1. juledag. Konserten skal også sendast på norges største radiokanal NRK P1 i romjula.

Vestlandsk mat i foajeen

For å gi alle ein smak av Vestlandet, spanderer også kokkenes meisterlaug gratis smakebitar frå Vestlandet i foajeen i timane før konserten. Her møter du kokkar frå heile Vestlandet som elskar å tilby deg lokale smakar.

Stort og krevjande

Det å skape noko så stort med så mange musikarar involvert er krevjande, men NRK-teamet har med seg fleire samarbeidspartnarar som Gloppen musikkforum – Glopperock som teknisk arrangør og Sparebanken Vest som viktig sponsor.

-Vi skal i alle fall gjere alt vi kan for at alle skal få ein kveld dei seint vil gløyme, lovar prosjektleiar Sjursen Takle.

Olav Stedje og Egil Eldøen. Foto: Pressefoto
Fargespill. Foto: Thor Brødreskift