Det var kulturskulerektoren i Gloppen, Ann Karin Ose som hadde teke turen over fjorden for å dele ut Draumestipendet. Det er tredje gong på tre år utøvarar frå Eid får slikt stipend, og i løpet av dei siste 15 åra har det blitt utdelt ni slike stipend i kommunen.

Ose la ikkje skjul på at dei i Gloppen er litt misunnelege på at Eid får fram så mange musikktalent.

Indigo Child har ei imponerande merittliste, og fekk nyleg dei det ærefulle oppdraget å spele for Dronning Sonja då ho opna Loen Skylift.

Også Eid-ordførar Alfred Bjørlo hadde med gåve, i form av ein dag med surfing på Stad. Bjørlo la vekt på kor viktig Kulturskulen i Eid er for å få nye talent til å utvikle seg og ikkje minst den lagånda som rår der dei eldste går inn og backar opp dei yngre.

–  De er forbilde for dei som kjem etter, sa ordføraren til Indigo Child som no er i ferd med å førebu seg til neste høgdepunkt; på scena på Malakoff Rockfestival.

Draumestipendet består av 100 stipend på 10 000 kroner kvar– til saman éin million kroner.

Stipendordninga er eit samarbeids­prosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping.

Stipendet skal vere til inspirasjon og vere eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar.