Rolv Petter Vetvik frå Vågsøy skriv i eit avisinnlegg 11. januar i år i Fjordabladet om den næringssvake og befolkningssvake Selje og åtvarar innbyggjarane i Eid om å ikkje slå seg saman med Selje. Eg veit at eg veit betre enn Rolv Petter om kva som er situasjonen i Selje.

Må bare først kome med fakta. Selje har sidan 2014 hatt befolkningsauke. Sidan 1. juli 2016 har vi auka folketalet med 13. Vi er oppe på same folketal som 2. kvartal 2013. 53 innbyggarar i pluss sidan 3. kvartal 2014. VI er i vekst.

Arbeidsløysa i Selje er dalande og ved siste teljing er vi nede i 2,6 %. Vi har ein del sesongarbeidarar som gjer at denne prosenten er varierande. Trenden er positiv. Vi har hatt ei god satsing på heilsårs arbeidsplassar ved verksemda Pelagia Moldefjorden som gjer at vi reduserer noko på sesongarbeidsplassane til fordel for heilsårs arbeidsplassar. Vi er i endring.

Næringslivet i Selje går så det suser. Mange bedrifter leverer flotte resultat og viser seg igjen på den nasjonale og internasjonale marknaden. I Selje har vi eit variert og godt næringsliv som er representert innanfor mange ulike næringar. Frå tekstil, via lystbåtar, DAB-teknologi, mekanisk, utstyr til fiskeflåten nasjonalt og internasjonalt og innovative  fiskeribedrifter som er i verdsklasse. Vi er i utvikling.

Selje kommune er ein liten kommune. Vi har i fleire år jobba knallhardt for å forbetre økonomien. I 2017 går vi ut av ROBEK. Vi har nedbetalt tidlegare års underskot og leverer på resultat. Vi har SFE-aksjar som kan omsettast, vi bygger opp fonda våre som kan nyttast til nødvendige investeringar i Selje på mange felt. Denne investeringa skal politisk forankra på ein god måte. Vi er på offensiven.

Selje kommune er ikkje ein næringssvak og befolkningssvak kommune. Vi er ein stolt kommune med mange positive fordelar.

Vi har på trappene ein Stad skipstunnel som vil vere ein internasjonal ikon samferdsels messig og turist messig. Vi vil i samband med skipstunnelen bygge ut næringsområder som vil tiltrekke seg spanande næringar innanfor marin næring. Skipstunnelen vil og endre kommunikasjonen vår. Vi vert tettare knytt til Ålesund med hurtigbåt.

Så til turisme. VI har i dag eit samla næringsliv som ynskjer å bygge vidare på dei stolte tradisjonane vi har innanfor turisme. Vi har vert gjennom eit tragisk år i 2016 der hotellet, sjølve livsnærven i turismesatsinga vart øydelagt i brann. Det er eit utstrakt mål og vilje til å bygge opp igjen hotellet. Vi er i gang. Takk til miljøet på Eid som rett etter brannen og til no har vist stor omsorg og vilje til å vere med på å bygge opp igjen hotellet og at vi står saman om potensialet innanfor turisme.

Det er entusiasme i Selje for Eid og det Eid representerer av både næringsliv, handel og kultur. Veldig mange i Selje har ein identitet som Nordfjording og Eid er ein av dei fremste tals personane for Nordfjord identiteten.

Eid er lengre framme enn Selje på ein del områder, men Selje representerer mange ting som vi kan utforde Eid på. Vi ønskjer å slå oss saman med ein god kommune som kan utfordre oss. Utfordre oss på det som vi kan verte betre på. Denne utfordringa skal vi klare. Selje kjem til å vere ein god kommune 31.12.2019. Nye Eid/Selje den 1.1.2020 vil vere ein flott kommune med eit variert næringsliv, gode tenester for innbyggjarar og har eit stort potensialet innanfor mange områder.

Intensjonsavtalen mellom Selje og Eid håper og trur eg går igjennom i kommunestyre i Selje og eg har trua og håper på det same for Eid. Nordfjord er ein unik fjord med mange flotte kommunar med ulik identitet og næringsliv. Denne variasjonen er flott og har ein stor verdi innanfor merkevare bygginga for reiselivet.

Selje er ein kystretta kommune med mange flotte bedrifter innanfor marin og maritim næring. Dette skal vi utvikle, intensjonsavtalen legg opp til det. Eid har eit spanande næringsliv som er litt forskjellig frå Selje sin. Denne variasjonen er flott og skapar ein heilskap som er til det gode.

La oss ikkje rive i sund Nordfjord som ein flott region men heller satse på Nordfjord i lag gjennom kommunereforma gjerne med fleire kommunar enn bare Selje og Eid.