Skal kommunane vera i stand til å prioritera viktige velferdsoppgåver som barnehage, skule, helsetenester og eldreomsorg må ein ha ein sterk kommuneøkonomi. Statsbudsjettet som Stortinget vedtek kvart år legg grunnlaget for kommuneøkonomien lokalt. I Arbeidarparitets alternative statsbudsjett for 2017 vil me bruka totalt tre milliardar kroner meir på kommunane/fylka, her to milliardar ekstra til kommunane og ein milliard ekstra til fylkeskommunane. Milliard beløp på lokalt nivå kan virka fjernt, men desse ekstra millionane kjem godt med i ein stram kommuneøkonomi. Det handlar om å ha meir til våre viktigaste velferdstenester som folk brukar dagleg. Ansvaret for ein stram kommuneøkonomi ligg hjå regjeringa og fleirtallet på Stortinget. Arbeidarpartiet prioriterar kommuneøkonomien.

Oversikt over kor mykje meir kvar kommune ville fått med Arbeidarparitet:

1431 Jølster 1 352 000

1438 Bremanger 1 837 000

1439 Vågsøy 2 471 000

1441 Selje 1 241 000

1443 Eid 2 332 000

1444 Hornindal 598 000

1445 Gloppen 2 540 000

1449 Stryn 2 983 000