Landsmøtet til KrF har vedteke at barnetrygda skal halde fram som ei universell ordning med same overføring til kvart barn, men at barnetrygda både  skal aukast og skattleggast for å få til ei fordeling til dei som treng den mest.

Det vil seie at alle får meir. For det første fordi vi vil ha ei auke av barnetrygda. Ho har ikkje følgt pris- og lønnsveksten sidan 1990-talet. Poenget med at barnetrygda skal bli skattbar inntekt er at dei som har minst skal få meir av denne auken enn dei med best råd. Som samfunn treng vi ei utjamning mellom storsamfunnet og barnefamiliane, – men og ei utjamning barnefamiliane i mellom.

Dette gjer vi for å ta på alvor at over 100 000 born veks opp i fattige familiar. Vi gjer det for at barnetrygda framleis skal vere ei sterk ordning for alle born og familiar.

Parti etter parti har før landsmøta sine teke til orde for avvikling, behovsprøving, erstatte barnetrygd med gratis barnehage osv. KrF meiner vår måte å løyse både auke av barnetrygd og omfordeling, er best!

Framlegget var i utgangspunktet spelt inn frå Sogn og Fjordane KrF og er no blitt KrF sin politikk.

Tore Storehaug, 1. kandidat for Sogn og Fjordane KrF til Stortingsvalet

Trude Brosvik, fylkesleiar og 2. kandidat¨

Beate Bondevik Lie, nestleiar og 4. kandidat

Beate Bondevik Lie, nestleiar og 4. kandidat for Sogn og Fjordane KrF til Stortingsvalet, Tore Storehaug, 1. kandidat og Trude Brosvik, fylkesleiar og 2. kandidat.