Det kan difor kanskje vere av interesse å sjå litt på dei om lag 420 eksisterande norske kommunenamna: Kva slags namneflora representerer dei, kva kjenneteiknar dei, og korleis har dei kome til? Både ein historisk og ein språkleg innfallsvinkel kan såleis vere fruktbar.

Kommuneskipnaden – med lokalt sjølvstyre og råderom – er relativt ny. I mellomalderen høyrer vi om skipreide og leidang, som var forsvarsordningar i dei ulike bygdelaga, og i rettsstellet spelte heradet ei viktig rolle. Frå 1300-talet var lenet den sentrale administrative eininga, og det stod ved lag til 1662, då det blei avløyst av amtet. Det vart i sin tur erstatta av fylka i 1919.

I 1837 blei formannskapslovene vedtekne, og la til rette for lokalt sjølvstyre. Då var det 37 byar (bykommunar) og 357 herad (landkommunar) i Noreg. Talet på kommunar auka stendig, og nådde eit toppunkt på 747 i 1930, og alle desse kommunane skulle ha eit namn. (Ordet kommune kjem elles frå latin communia, fellesskap).

Korleis er dei så vortne til? Kommunenamna har jamnast opphavet sitt i lokale namn: Lokalitetsnamn /naturnamn) som øyar, fjordar, fjell, elvar og dalar, men også gardar, bygder, bygdelag, tingstadar og kyrkjesokn har vore namngjevande. Dette skal eg gje døme på seinare. (Ordet sokn har elles samanheng med verbet søkje: ein stad der ein søkte kyrkje).

Nokre namn – slike som har fått status som kommunenamn – har såleis vunne fram og fått prestisje framfor andre, dei er blitt dekkjande som nemning for eit større geografisk og administrativt område. Namnegranskaren Ola Stemshaug seier at «Sentrale lokalitetar er blitt kjende som karakteristiske for større område og har så gjeve namn til desse». I vår digitale tidsalder vil ein vel kunne kalle det ei domeneutviding.

I denne raske gjennomgangen av kommunenamn nyttar eg døme frå det namnematerialet som kommunane i vårt eige fylke representerer.

Språkleg sett er kommunenamn vanlege stadnamn. Etter forma kan dei vere usamansette som Stryn, Luster og Gulen, eller samansette som Hyllestad, Askvoll og Bremanger.

Dei usamansette namna peikar ofte på det typiske, særkjennelege ved t.d. eit fjell, ei øy, ein fjord, ei elv og liknande. Såleis ligg truleg det gamle elvenamnet Strjon, «den strøymande», til grunn for kommunenamnet Stryn. Namnet Luster går kanskje attende på eit gammalt fjordnamn som tyder «den varme, milde». Lengst ute i Sognefjorden ligg Gulen kommune, som truleg hentar namnet sitt frå norrønt gul, «sterk vind». Ordet gule er forresten framleis i levande bruk i det lokale talemålet i tydinga «vind, vinddrag» (jfr. havgule).

Alle desse namna skildrar eigenskapar, kjenneteikn, særmerke, og det same gjeld dei andre usamansette kommunenamna i fylket vårt. Gaular hentar t.d. namnet sitt frå elva Gaula, som er kvass og strid med mange fossefall som «gaular» og lagar lyd. Namnet Førde kjem frå dativforma firdi (av fjord) og tyder «bustaden i fjordbotnen». Til grunn for Floranamnet ligg truleg  norrønt flodr eller flor, som tyder «straum, gjennomstrøyming» og kanskje siktar til straumen i det tronge sundet som deler Brandsøya i to. («Norsk stadnamnleksikon»).

Samansette namn består av eit føreledd og eit grunnord. Grunnordet (sisteleddet) går på sjølve lokalitetsnemninga, som vik, dal, nes osv. Førsteleddet er eit utmerkingsord; det fortel noko (t.d. ein eigenskap) om grunnordet. Sunnmørskommunane Stordal og Norddal er døme på ei slik namnelaging, det same er Radøy og Askøy. Svært mange norske kommunenamn tilhøyrer denne typen.

Og grunnorda er talrike og speglar mangfaldet og variasjonen i norsk natur og landskap. Langs kysten ligg – naturleg nok – mange kommunar med grunnorda -øy, -fjord, -vik, -våg og -sund i namnet. Den største gruppa er dei som endar på -øy (som Vågsøy), og ho tel om lag 35 kommunar. Deretter følgjer dei på -fjord (14), dei på -anger eller -angen (13), og -vik-kommunane, som også tel 13. (Grunnordet -anger - som i Bremanger - tyder fjord eller stor vik). Også -våg og -sund er vanlege grunnord her.

I innlandet er kommunenamn med -dal som sisteledd særs mangmente (52), og her står også grunnord som -vin, -åker, -heim, -land og -stad sterkt. Denne siste gruppa er gamle gardsnamn, frå fyrste tusenåret av vår tidsrekning.

Av dei 26 kommunane i vårt eige fylke har 5 grunnordet -dal i namnet: Hornindal, Naustdal, Sogndal, Lærdal og Årdal. Utmerkingslekken i alle desse namna fortel om høg alder. Hornin- skjuler kanskje eit eldgammalt horn-vin, og naust- har visstnok samanheng med navis, som tyder skip på latin. Fyrstelekken i Lærdal er utolka.

Grunnorda i Hyllestad og Aurland fortel at desse namna går attende på gamle gardsnamn. I Aurland har jordsmonnet, grus, aur, vore namngjevande, i Hyllestad kanskje ein roleg, logn fjord. Som så mange øynamn er Solund utgammalt, og tolkinga blir difor uviss. Ei gissing har vore «fure, innsnitt», som også høver godt realt.

To kommunar har -anger som grunnord: Bremanger og Høyanger. (Leikanger har ikkje -anger som sisteledd, men vangr; altså Leikvangen).

Utmerkingsleddet i Bremanger er gammalnorsk brim, «brenning, båreslag mot land», og «Norske Gaardnavne» seier at «Navnet tilhører udentvivl fra først af Bremanger-pollen, den betydelige, dybt indtrængende Vik paa Øen Bremangerlandet, som ligger aaben ud mod Havet; dernæst maa det have været Navn paa Øen selv og endelig paa Sogn og Herred».

Eg tek med dette lange utdraget fordi eg synest det seier noko grunnleggjande om opphavet til og framveksten av kommunenamn. Det er forteljinga om eit kvardagsnamn som veks i status og prestisje, og til sist blir nemning både for sokn og herad. Og nett slik vart mange norske kommunenamn til.