Politikarar og jury meiner at denne kunstnaren, som har delteke i meir enn femti kunstutstillingar og har utgitt fem diktsamlingar og vore med på fleire bokutgivelser som illustratør, er ein verdig mottakar av Eid kommune sin kulturpris for 2016.

Prisen er på 10.000 kroner i tillegg til ein diplom.

Finn Egil Eide har budd og arbeidd som kunstnar på Nordfjordeid sidan 1974. Han har uttrykt seg med måleri, grafikk, skulptur og dikt.

Eide er cand.mag frå universiteta i Bergen og Trondheim, han har teikneprega forming frå Stord lærarhøgskule og er lektor med hovudvekt i måleri, grafikk og pedagogisk utviklingsarbeid.

Finn Egil Eide har undervist ved Fjordane Folkehøgskule og Eid vidaregåande skule. Han har fått fleire stipend og hadde garantert minsteinntekt frå kulturdepartementet i perioden 1987 – 2007.

Han har hatt fleire oppdrag for m.a. magasin og levert plakatar. Juryen nemner  mellom anna Tosca for Opera Nordfjord i 2003, for musikkterapiutdanninga Norges Musikkhøgskule og plateomslaget for «Blå Song» til Odd Erik Lothe.

Hovudaktør blant Nordfjordkunstnarane

Eide har hatt ei rekkje verv som jurymedlem og ulike konsulentoppdrag.

Han er ein hovudaktør i dei såkalla «Nordfjordkunstnarane» og var initiativtakar til Eidaskulen i grafikk der han var dagleg leiar og instruktør saman med Inge Rotevatn og fleire. Han har hatt eit imponerande tal separatutstillingar og delteke i landsdelsutstillingar og nasjonale utstillingar i eit omfang som ikkje er mange forunt. Det er snakk om rundt femti utstillingar. Mellom anna Vestlandsutstillingen, Den Nordnorske kunstutstilling, høstutstillingen, distriktsutstillinga i Sogn og Fjordane, Nasjonalgalleriet, Torshavn Færøyande, Art Aid i Stavanger.

Også diktar og illustratør

I perioden frå 1977 har Finn Egil Eide sin kunst blitt innkjøpt i stort omfang til både det private og offentlege rom. Han har også blitt brukt til utsmykkingar i ei rad offentlege bygg.

I tillegg til alt dette er Finn Egil Eide også diktar og illustratør.  Juryen peikar på at boka TO, som han kom med i 1986 ilag med Jon Tolaas fekk stor merksemd. Selja Forlag har denne hausten utgitt hans femte diktbok som er om den jubilerande kunstnaren med nye dikt og nye illustrasjonar; «Eit Tidsrom».

Eide  blei plukka ut til spesiell merksemd då Sunnfjord Kunstlag no i oktober feira sitt førtiårsjubileum. Dei har hatt kunsten hans på fleire utstillingar og reknar han som ein av dei viktigaste kunstnarane i fylket.

Juryen skriv at Finn Egil Eide, saman med Øyvind Botn og Elisabeth Steen, har tilført eidasamfunnet ei innsikt som er verdifull. Dei meiner at desse profesjonelle kunstnarane har inspirert mange som i dag aktivt uttrykker seg kreativt.

Det er Alfred Bjørlo og Eli Førde Aarskog som kom med framlegget om at Finn Egil Eide skulle få Eid kommune sin kulturpris 2016.

Dei andre kandidatane til Eid kommune sin kulturpris 2016 var: Øystein Haugland, Anne Regine Sønderland, Asbjørn Manseth, Heia idrettslag,Candice Bredesen, Stig Høynes og Aud Hjelle.

Dei som har vore i juryen er leiaren i Oppvekst- og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle, kultursjefen i Eid, Geir Holmen, Ann-Magritt Eikås Hopland og Stein Inge Torheim.