Regjeringa sitt forslag til reform av politiet, den såkalla nærpolitireforma tek for seg struktur i politi- og lensmannsetaten, oppgåveportefølje og ansvarsdeling og er samtidig ein gjennomgang av leiing og kultur i politiet.

Formannskapet i Eid skal torsdag vedta uttale til Vest politidistrikt sitt framlegg til tenestestads- og tenesteeiningsstruktur.

Ordføraren skriv i si vurdering at Eid kommune meiner framlegget til organisering av politiet i Nordfjord med tenesteeining/tenestestader isolert sett er fornuftig. Den store svakheita med framlegget frå Politidirektøren er likevel at det ikkje er synleggjort eller sannsynleggjort korleis det skal bli "meir og betre politi" i Nordfjord som følgje av reforma.

Politireforma er av både Stortinget, Regjeringa og politileiinga nasjonalt framstilt som ei nærpolitireform.

Eid kommune konstaterer at det ikkje er noko i det utsendte høyringsframlegget frå Politidistrikt Vest som tilseier at det vil bli "flere operative og synlige politifolk" eller "styrket beredskapsevne" i Nordfjord som følgje av Politireformen.

Eid kommune meiner eit minimumskrav for å ha tillit til at Stortinget sine mål for Nærpolitireformen blir nådd, er at det blir tre geografiske driftseiningar i Sogn og Fjordane. Dette sikrar at ikkje Nordfjord og Sogn på sikt blir tømt for kompetanse og spesial-funksjonar innanfor politiet, og vi står att med eit minimums-politi som er lite attraktivt for rekruttering og svekkar tryggleik og politifagleg kompetanse i vår region.

Rådmannen sitt framlegg til uttale er følgjande:

1. Eid kommune føreset at Stortinget sine intensjonar i reforma om fleire operative og synlege politifolk, styrka beredskapsevne og kort responstid vert innfridd. Vi er sterkt kritiske til at dette ikkje er synleggjort eller sannsynleggjort i framlegget.

2. Under føresetnad av at Politidirektøren syner og sannsynleggjer at reformen vil føre til fleire operative og synlege politifolk og styrka beredskapsevne slik Stortinget har vedtatt, har ikkje Eid kommune merknader til framlegget til organisering av politiet i Nordfjord med tenesteeining/tenestestader.

3. Eid kommune går inn for at Nordfjord blir definert som geografisk driftseining og at det blir etablert tre geografiske driftseiningar i Sogn og Fjordane. Ei løysing med éi driftseining verkar lite eigna for eit fylke som Sogn og Fjordane og vil gi for sterk sentralisering, for stort kontrollspenn

4. Eid kommune vil peike på den nære samhandlinga mellom politiet i Nordfjord og andre etatar/instansar lokalisert på Nordfjordeid: Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter, Nordfjord Legevakt, Tingretten, Statens Vegvesen, Skatteetaten og NAV m fl. Eid kommune legg til grunn at organiseringa av politiet i Nordfjord i ei felles tenesteeining tek omsyn til dette.