Fem artistar er no klare til Malakoff Rockfestival 2017. Dei to siste namna vart klare denne veka. Biffy Clyro frå Storbrittania og Janove, tidlegare frontfigur i Kaizers Orchestra.

– Livefavorittane Biffy Clyro headlinar Malakoff på fredagen, og same dag står tidlegare Kaizers-kaptein Janove på same scene, skriv Malakoff Rockfestival på Facebook.

Dermed er fem artistar klare til neste års rockfestival: Biffy Clyro, Janove, Karpe Diem, Spidergawd og Kjartan Lauritsen.

Janove Sjakalen Kaizer. Foto: Tormod Flatebø