Ved valet kom også Osmund Bertelsen og Ann-Kristin Førde frå Florø inn som nye medlemmer i fylkesstyret. I tillegg kom Joakim Janninge frå Fjaler inn som ny vara. Styret har dermed fått to nye faste medlemmer og to nye som er vara. Dei fem andre i styret blei gjenvalt, det blei også leiaren Vibeke Johnsen frå Sogndal. Ho går dermed inn i sitt fjerde år som leiar.

Nynorsk og landbruk

I helga har opp under 45 medlemmer frå 15 ulike lokallag vore samla til årsmøtet på Nordfjordeid. Til saman har SV 20 lokallag i Sogn og Fjordane. På årsmøtet vart det vedteke fem handlingsmål. Det er robust distriktspolitikk, meir robust landbrukspolitikk på Vestlandet, arbeide for å sikre overgrepsmottak i Sogn og Fjordane, støtte politiet sitt arbeid for barnehus i Sogn og Fjordane, og ta nynorsken på alvor.

Stortingskandidatar

SV sine stortingskandidatar frå Sogn og Fjordane er:

1. Vibeke Johnsen, Sogndal

2. Gaute Losnegård, Askvoll

3. Helge Lothe, Gloppen

4. Yrla Klein, Leikanger

5. Mohammed Abdi Sheikh, Eid