Sju av åtte solistar for Opera Nordfjord si satsing til hausten er no klare. Det er då operaen på Nordfjordeid skal setje opp den lokale operaen Sildegapet. Med tekst av sogningen Jostein Avdem Fretland og komponist er stryningen Helge Sunde.

Frå Nordvest

Sju av dei åtte solistane har røter frå kystnære strøk. Det var også eit mål for Opera Nordfjord, då dei starta arbeidet med å finne desse som skal fronte sildeeventyret frå operascena. At dei som skal dramatisere sildeoperaen sjølve har røter frå kysten av Norge.

Vekst og eventyr

Dei store sildeåra i Måløy var frå 1947 til 1958. På desse elleve åra dobla folktalet seg, og tettstaden ved Ulvesundet vaks seg oppover fjellsida med stadig fleire gater. I nokre hektiske vinterveker stimla tusen små og store fiskebåtar seg saman og fylde hamna i Måløy til trengsel. Som gullgravarar søkte mot Alaska og Klondyke i det 19. århundre, kom opp til 10.000 fiskarar og fleire tusen lossarar til Måløy i desse åra.

Snurpedans

På scena i Operahuset til hausten vil vi få med oss miljøet i Måløy frå desse åra. Det folk i arbeidsklede, i kvardagsklede og til fest. Det blir snurpedans i Turnhallen og fleire lokale figurar.

Helga Botn er frå Volda, og har tidlegare hatt fleire roller ved Opera Nordfjord.
Kristian Krokslett kjem frå Salten. Han skal gå inn i rolla som glopparen Ragnar.
Tenoren Eivdind Kandal kjem frå Kandal i Gloppen.
Jeanette Ekornsvåg Goldstein er frå Ålesund.
Jonas Navarsete kjem frå Sogndal. Han har fått rolla som bonde- og fiskarsonen Guttorm.
Martha Standal Pavelich frå Eid har fått rolla som den unge jenta Inga.