Nasjonal transportplan skal rullerast til våren, og då må Stad skipstunnel som eit viktig nasjonalt kystprosjekt prioriterast i første periode. Prosjektet er «gryteklart» og må gjennomførast utan ytterligare opphald, for raskt å kunne realisere nytteverknadane, heiter det i ei pressemelding frå Randi Paulsen Humborstad, dagleg leiar i Nordfjord Vekst AS.

Vidare i pressemelding vert det peikt på at:

  • Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som vil redusere risikoen for skipsulykker, redusere ventetida for skipsfart og legge til rette for meir sjøtransport av gods.

  • For næringslivet vil Stad skipstunnel bety sikre leveransar, kortare transporttid og at kvaliteten på råvarer som skal fraktast forbi Stad held seg god.

  • Det er mykje nasjonal og internasjonal næringsrelatert trafikk rundt Stad blant anna innan fiskeri og havbruk, maritim industri, bergverk og turisme. I dag går mykje av varetransporten med trailer, noko som i stor grad skyldast ulempene ved å krysse det usikre Stadhavet. Ein tryggare og meir effektiv seglas forbi Stad vil legge til rette for at meir gods kan transporterast sjøvegen.

  • Realisering av Stad skipstunnel er eit tiltak som kan bidra til å styrke sjøtransporten si konkurranseevne.

  • Sjøtransport har ikkje fått den same prosentvise veksten i samferdselsbudsjetta som veg og bane. Sjå grafikken på sida som viser at i samferdselsbudsjettet for 2017 så skal det brukast 62,4 mrd. kroner, derav 33 mrd. på veg, 21,9 mrd. på jernbane, 4,9 mrd. på andre (administrasjon, luftfart, post og telekommunikasjonar med meir) og berre 2,6 mrd. på kyst! Det er på tide at kysten får ein større del av samferdselsbudsjettet! Vi veit at der er konkurranse mellom etatane (Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Avinor og Kystverket), og er uro for at Kystverket ikkje når fram med sine prosjekt i Nasjonal transportplan.

  • Stad skipstunnel er også eit svært viktig prosjekt for å knyte regionar og Vestlandet tettare saman. Med ein skipstunnel gjennom Stad vil ein etablere ei ny samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund, noko som vil opne opp for ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, og ha positive effektar for næringslivet på kysten.

–Norge er det land i Europa som har lengst kystlinje, flest hamner og hamneanlegg. Vi må begynne å sjå på dette som ein ressurs, påpeikar Siri Hatland, adm. dir. i Kystrederiene, i deira innspel til arbeidet med Nasjonal transportplan (2018-29). Kystrederia organiserer rundt 280 fartøy innan sektorane nær skipsfart og havbruk. Desse utfører sine oppdrag langs Norskekysten, og det er dei som framfor nokon andre kan bidra til å flytte godset frå land til sjø. For dei vil moglegheiter for stabil transport gjennom ein skipstunnel ha stor verdi.

–For Marine Harvest vil Stad skipstunnel gje ein logistisk effektivitet som vil auke næringa si konkurranseevne. Derfor håper vi skipstunnelen vert prioritert høgt ved rulleringa av NTP, uttalar kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Eivind Nævdal-Bolstad.

–Stadhavet er eit utfordrande havområde for fiskarane då det er eit av dei mest vêrutsette og farlegaste havstykka vi har langs Norskekysten. Ved bygging av tunnel vil det bli ein ny tidsalder for fiskarane. I dag må dei kalkulere med god tidsmargin og turen må ofte planleggast over fleire dagar, ikkje sjeldan må ein finne naudhamn på grunn av dårlig vêr. Ugunstige vêrforhold fører ofte til at fiskebåtar ikkje kan passere Stad for å levere fangst. Det medfører færre aktuelle leveringsstader og dårlegare prisar. I tillegg kan det ha betyding for kvaliteten på fangsten, seier daglig leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Følgjande næringslivsaktørar har sendt inn uttale til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, og andre aktuelle departement:

  • Norges Fiskarlag

  • Marine Harvest

  • Salmon Group

  • Kystrederiene

  • Det Stavangerske Dampskipsselskap (DSD)

  • Hurtigbåtforbundet

  • Sogn og Fjordane Næringsråd

Oversikta viser at det i samferdselsbudsjettet for 2017 skal brukast 62,4 mrd. kroner, derav 33 mrd. på veg, 21,9 mrd. på jernbane, 4,9 mrd. på andre (administrasjon, luftfart, post og telekommunikasjonar med meir) og berre 2,6 mrd. på kyst!