–Alt ligg til rette for ein historisk Malakoff-festival.  Å få besøk av Biffy Clyro, Refused, Karpe Diem, Turboneger, Alan Walker, Converge, Ane Brun og mange fleire er ikkje akkurat kvardagskost i bygde-Noreg. Vi opplever rekordstort billettsal, så her vert det tre dagar med heftige artistar, camp og stemning i verdensklasse, superhyggelege folk og den beste festivalopplevinga, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal etter at han presenterte den fullstendige plakaten til Malakoff17 i etterkant av påsketreffet tysdag kveld.

Årets Malakoff-festival som vert arrangert på Nordfjordeid frå og med torsdag 20. juli til og med laurdag 22. juli. Årets festival vert den fyrste som går over tre dagar. Malakoff  Rockfestival har dei siste fire åra vore utselt med 12.000 publikummarar kvar dag, 5.000 festivalcamperar og ei unik festivalstemning.

Den fullstendige plakaten med litt av festivalsjefen sine kommentarar:

BIFFY CLYRO

Gigantane Biffy Clyro returnerer! Konserten deira på Malakoff i 2013 var eksepsjonell, og sidan den gong har bandet vakse seg både større og (om mogleg) enda betre. Under årets festival skal dei headline fredagen.

REFUSED

Refused kjem til Malakoff17 og gjer ein eksklusiv konsert .  Få band har i moderne tid hatt så mykje å seie for utforminga av pønkrocken. Refused vert rekna som eit av dei banda som har definert og utvida grensene for sjangrane metal og hardcore. Dette er eit band som sjangermessig trivst best i ytterpunkta. Dei er lovprisa herifrå til månen, og har retteleg fått eit digert jafs av æra for dagens sjanger. Tufta på grensetøying og det å «leve farleg» i brot med konvensjonane. Det er berre så usannsynleg stort for Malakoff å få besøk av eit av verdas viktigaste punk/hardcoreband som avsluttande band på Malakoff17!

KARPE DIEM

Karpe Diem er utan tvil Noregs råaste og største liveband. Etter heile tre utselde Oslo Spektrum kan vi lett seie at det er storslagent besøk vi får i juli. Dei headlinar berre få utvalde festivalar i sommar, og til stor glede er Malakoff éin av dei.

ALAN WALKER

Alan Walker er ei stor stjerne som spelar over heile jordkula, og med hits som Faded, Sing Me to Sleep, Alone, og mange fleire, kan vi allereie kjenne høg temperatur i ei kokande publikumsmasse framfor hovudscena i sommar.

TURBONEGRO

Dei treng strengt tatt ingen introduksjon. Turbonegro - kongane av dampande sveitt dongeri og rett-i-trynet-punkrock som alltid fengjer. Ein konsert med eit av Noregs tøffaste rockeacts på Malakoff vert aldri feil!

ANE BRUN

Moldejenta Ane Brun er utan tvil ein av landets mest respekterte og populære låtskrivarar. Ho fekk sitt gjennombrot i 2005 med albumet «A Temporary Dive» og som ein god vin vert denne gåsehudframkallande artisten berre betre og betre. Den siste plata hennar, «When I’m Free» som kom i 2015 avla strålande kritikkar, og Ane er ein sånn artist som berre osar av kvalitet i alle ledd. Ikkje rart ho er dobbel spellemannsvinnar som årets kvinnelege artist. Som internasjonal musikar har ho eit stadig veksande publikum over heile Europa og er ansvarleg for mange fruktbare samarbeid. Både nasjonalt, med til dømes Madrugada, og internasjonalt med artistar som Peter Gabriel.

CONVERGE

Dei siste åra har vi presentert Gallows, The Bronx, Architects og Gojira som avsluttande band på Amfiscena. I år har vi altså pina det fått tak i sjølvaste Converge, og det arge og grensesprengande ensemblet frå statane fortset tradisjonen med å setje den hardbarka prikken over festivalhelga. Det vert så bortinatta rått!

ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET

Heile landets kjende og kjære ikon Åge Aleksandersen og rockekompaniet hans er klare for Malakoff. Åge og Sambandet er tilbake i storform etter å ha fylt Royal Albert Hall med feststemte nordmenn, og no står Malakoff for tur. Garantistane for god stemning og høg allsangfaktor lagde eufori i 2007 då dei vitja Malakoff sist.

I tillegg finn vi følgjande artistar på plakaten til sommarens største hending:

FRANK CARTER & THE RATTLESNAKES

SONDRE JUSTAD WARDRUNA

DANIEL NORGREN

DUBIOZA KOLEKTIV

JANOVE

SPIDERGAWD

DAGNY

KJARTAN LAURITZEN

DEATH BY UNGA BUNGA

THE SCHOOL

MGPjr-vinnarane VILDE OG ANNA

CARNIVAL KIDS

TIEBREAKER,

LÜT

INDIGO CHILD

AHEAD OF THE CURVE

ELIDA HØGALMEN

JACKBOW

DON WILD

BAIA WOLF

Gigantane Biffy Clyro er tilbake på Malakoff Rockfestivals store scene. Sist bandet besøkte Malakoff var i 2013. Foto: Pressefoto
Ingen norske band lagar betre steming enn Åge Aleksandersen og Sambandet. Biletet er frå Åge og Sambandet sitt besøk i 2007. Foto: Tormod Flatebø
Få band har i moderne tid hatt så mykje å seie for utforminga av pønkrocken som Refused. Refused har fått æra av å avslutte Malakoff17. Foto: Pressefoto
Det er utruleg kjekt at Malakoff Rockfestival har fått plass til Vilde og Anna. Foto: Nynorsk Pressekontor