Lefdal Mine Datacenter AS:

Det seier Mats Andersson, marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter AS, til Fjordabladet fjorten dagar før selskapet inviterer eit hundretals sentrale personar/selskap frå tolv nasjonar til det han kallar innflyttingsfest i den gamle olivingruva som no blir bygd om til verdas mest moderne og kostnadseffektive datasenter. Vi treng truleg ikkje føye til at innflyttingsfesten er omfatta av stor nasjonal og internasjonale interesse, men det er det altså.

Større utbygging

– Den 25 august 2015 inviterte selskapet du er marknadsdirektør til ei stor samling i Oslo. Slik vi oppfatta det var den markering knytt opp imot at Lefdal Mine Datacenter skullevere operativt innan eitt år. Altså i august 2016. No skriv vi mai 2017, kvifor forseinkinga?

–Det er korrekt at vi i august 2015 sa at datasenteret i Lefdal gruve skulle vere oppe å gå i løpet av eitt år. Bakgrunnen for at vi har brukt litt lengre tid heng for det første saman med at vi har bygd ut langt meir enn det vi hadde planlagt på det tidspunktet i 2015. No er heile nivå tre i gruva bygd ut, og etter innflyttingsfesten klar til å ta imot dei første kundane, seier Mats som legg til at sjølv innflyttingsfesten blir streama.

– Alle som har lyst kan følgje m–Alle som har lyst kan følgje med på det som skjer i den 350 kvadratmeter store datahallen som blir utstyrt med scene og alle fasilitetar som høyrer heime til eit event som det vi skal ha den 10. mai.

Kostnadseffektivt

–Innleiingsvis nemnde du nokre stikkord. Først, kva legg du i kostnadseffektivt?

–Det er fleire forhold. Vi kan starte med at det er 50 prosent billegare å bygge slik vi gjer, i ei nedlagt gruve, enn å byggje nybygg over bakken. Kostnadseffektivitet heng også saman med kva det kostar å drifte datasenteret. Saman med Rittal og IBM, to marknadsleiande globale konsern innan datasenterindustri, har Lefdal Mine Datacenter utvikla eit unikt datasenterdesign. Samarbeidet har resultert i eit av dei mest kostnadseffektive, sikre og fleksible datasenter i Europa. Dette har vore muleg fordi IBM, Rittal og Lefdal Mine Datacenter har den same visjonen for framtidas datasenterindustri.

Energi

–I utgangspunktet var det bestemt at vi skulle bygge ut 25 MW. Det vi har gjort er å auke kapasiteten til 45 MW. Når det gjeld utbygginga på nivå tre, som vi her snakkar om, så byggjer vi ut to parallelle, eller redundante, løp der kvart er på 45MW. Til samanlikning kan det nemnast at det største datasenteret vi i dag har i Norge er dimensjonert for cirka fem MW. Kjøling frå fjorden og gunstige energikostnader i Norge gjer at energikostnaden er halverte i forhold Tyskland og endå meir om vi samanliknar med England, seier Mats Andersson og legg til at når nivå to og fire er utbygde vil kapasiteten i Lefdal Mine Datacenter vere på heile 200 MW.

–Ferdig utbygd vil energiforbruket per år vere på rundt 1.700.000 kWh. Til samanlikning brukar Drammen by, med sine nær 70.000 innbyggarar, rundt ein million kWh.

–Tidlegare har det blitt sagt at første trinn i utbyggnga av Lefdal Mine Datacenter ville ligge på 250 millionar kroner. Er det der de ligg no?

–Det stemmer. Elles vil eg føye til at rundt 160 av desse 250 millionane har gått til lokale entrprenørar og lokalt næringsliv, seier Mats Andersson som opplyser at det blir delataking frå regjering, investorar, partnerar og representantar frå store norske IT-selskap under opnminga.

Tormod Flatebø

Heftige dimensjonar: Det er enorme dimensjonar i Lefdal gruve. Utbygginga som no er gjort omfattar berre eitt nivå, nivå 3, i den nedlagde olivingruva i Lefdal. Foto: Tormod Flatebø
Datahall: 360 rutemeter er kvar av datahallane som bli bygd for å sette inn serverar i Lefdal Mine Datacenter. Foto: Tormod Flatebø
Engasjert: Mats Andersson, marknadsdirektør i Lefdal Mine Datacenter, ser fram til å starte innlosjeringa av kundar. Dei som har signert kontrakt vil vere på plass allereie i sommar. Foto: Tormod Flatebø