Her kan du lese hennar innlegg under frukosten:

"1.mai-appell 2017

Kjære kameratar, gratulerer med dagen!

1. mai er ein dag for feiring. Feiring av rettane vi saman har kjempa fram gjennom generasjonar og som har gjort samfunnet mykje betre for alle. Men dagen har også ein skugge over seg. Eg er bekymra. Bekymra for eit samfunn som går sakte men sikkert i feil retning, mot auka forskjellar.

Forskjellane aukar mellom barn som veks opp, mellom dei som vert eldre, mellom dei som ynskjer seg ein bustad og mellom folk både i og utanfor arbeidslivet. Denne utviklinga må vi snu. Vi skal snu den. Og det skal vi gjere ved å stå saman i kampen mot dei aukande forskjellane.

I eit av verdas rikaste land veks nesten 100.000 barn opp i fattigdom. Vi har desse barna i Eid kommune og. Dei siste tala frå bufdir viser at 111 barn veks opp i familiar med låg inntekt over lengre tid. Desse 111 barna er barn som ikkje får delta på dei same aktivitetane som klassekameratane. Barn som vert fråtatt dei same moglegheitene som jamaldringane. Det kostar pengar å vere med på fotball og kulturskule. Aktivitetar som fremjar glede, samhald, venskap og som har stor eigenverdi. Vi veit at fattigdom gjentek seg i generasjonar. Dagens fattige barn må ikkje bli morgondagens fattige vaksne. Fattigdom skapar ufrie liv og tunge liv.

Dei siste åra har 40.000 menneske mista jobbane sine berre i oljebransjen. Og sjølv om arbeidsløysa totalt har gått noko ned i det siste, så er det framleis 115.000 arbeidsledige menneske som slit med å betale huslånet, som ikkje har råd til ferie med barna sine, og som går ei usikker framtid i møte.

Samtidig har vi ei regjering som gjer lite for å motvirke arbeidsløysa. Ei regjering som framleis trur at skattelette på magisk vis skapar arbeidsplassar. Ei regjering som har lagt til rette for at langt fleire må gå i midlertidige stillingar framfor fast arbeid. Ein finansminister som let att auga og seier til Stortinget at forskjellane ikkje aukar. Ein statsminister som ikkje vil kalle det heile ei krise. Men dette var og er ei krise, ei stor krise.

På Stortinget brukar nokre parti krisa for å forsvare angrep på fellesskapet. Dei gir som sagt store skattelettar, sel fellesskapet sine ressursar og legg velferda vår ut på anbod. I Noreg går store pengesummar som utbytte frå skular, sjukeheimar og asylmottak. Pengar som går til hyttepalass og skatteparadis i staden for til barn, sjuke og eldre.

Kameratar, vi har eit stort ansvar. Vi må stå saman mot høgresida. Gong på gong har dei vist at deira idear og løysingar fører til større arbeidsløyse, meir sosial dumping og større økonomiske og sosiale forskjellar.

Det er difor vi no må stå saman om å kjempe for eit samfunn med små forskjellar og sterke fellesskap.

Vi må stå saman for å løfte nesten 100.000 barn i Noreg ut av fattigdom. Aukar vi barnetrygda til dagens prisnivå, vil vi få 20.000 færre fattige barn.

Vi må stå saman for å skape trygge jobbar, der alle har ein fast jobb å gå til og økonomisk tryggleik. Der folk ikkje er redde for å sei frå til sjefen om noko er gale. Regjeringa si rasering av arbeidsmiljølova har gitt meir midlertidigheit og meir usikkerheit. Endringane må takast bort og arbeidsmiljølova må styrkjast.

Som sagt, eg er bekymra. Men eg er også håpefull, for om vi står saman skapar vi eit meir rettferdig samfunn – for alle. Gratulerer med dagen!"