– Vi skal stille med minst ti personar, lovar Ole Martini, leiar i Eid unge Venstre.

Leiar i Eid Venstre, Svein Rotevatn peikar på at Venstre er eit miljøparti som tek samfunnsansvar. Partiet var med å kjempe igjennom ekstra midlar til opprydding av strender, og er ein pådrivar for at det skal bli utvikla produkt som kan erstatte plast og som ikkje skadar miljøet.

I Eid skal det ryddast både i strandsona og elles i sentrum.