Det blir mykje aktivitet på Hornindalsvatnet i sommar med fleire forskjellige team som skal gjennomføre ulike undersøkingar.

Det er Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og Norsk institutt for naturforsking (NINA) som på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomfører økosystemkartlegging i store innsjøar.

Langsiktig program

Kartlegginga er oppstarten av eit langsiktig program for basisovervaking av store innsjøar. Anne Lyche Solheim frå NIVA er prosjektleiar for prosjektet, medan Ann Kristin Schartau er ansvarleg for NINA sin del av arbeidet. Dei skal også gjere dei same undersøkingane i åtte andre store innsjøar i 2017.

Kartlegginga av Hornindalsvatnet har eit budsjett på om lag 800.000 kroner. Statens naturoppsyn stiller med båt og båtførar til arbeidet, medan prøvene skal takast dels av NIVA og dels av NINA.

Oppstart i mai

Anne Lyche Solheim fortel til Fjordabladet at arbeidet med kartlegginga av Hornindalsvatnet startar opp den andre veka i mai. Det skal då takast vassprøver på ein målestasjon ved det djupaste punktet i innsjøen mellom anna for å sjekke innhald av fosfor og nitrogen i både overflatelaget og dei djupare vasslaga. Også siktdjupn og planktonalgar skal sjekkast i de øvre vasslaga, for å finne ut om det kan vere teikn på overgjødsling av innsjøen.

Målt gjennom vassøyla

Krepsdyrplankton vil bli fanga med håv som vert trekt vertikalt gjennom vassøyla. Oksygeninnhald, pH og temperatur vil og bli målt i heile vegen ned gjennom vassøyla frå overflata og ned til det djupaste punktet. Slike undersøkingar på dette punktet skal gjerast ein gong i månaden til og med oktober.

Det skal vidare i løpet av sommaren gjennomførast undersøkingar i strandsona rundt heile vatnet, for å kartlegge kva slags vassplantar og småkryp som finst og i kva omfang.

I tillegg skal det også gjerast fiskeundersøkingar i eit separat FoU prosjekt leia av NINA med finansiering frå Miljødirektoratet.

EUs vassdirektiv

Bakgrunnen for kartlegginga er EU sitt vassdirektiv, som Norge har forplikta seg til å følgje. Enkelt fortalt går vassforskrifta ut på å med jamne mellomrom sjekke om tilstanden i innsjøane er ok. Basisovervakinga skal omfatte alle biologiske og fysisk-kjemiske kvalitetselement og skal kunne avdekkje eventuelle endringar over tid.

Er den økologiske tilstanden for dårleg, vert det sett i verk hyppigare og meir tiltaksretta overvaking, til dømes for å kunne planlegge tiltak med tanke på avgrensing av utslepp av næringsstoff eller andre tiltak for å betre tilstanden.

NIVA har hovudansvar for planteplankton, vassplantar og fysisk-kjemiske kvalitetselement, medan NINA har hovudansvar for dyreplankton, små krepsdyr i strandsona og fisk.

Dei 26 største innsjøane i Noreg er med i prosjektet, som starta i 2015. Etter den første kartlegginga vert innsjøane følgt opp med nye undersøkingar kvart 4. år. Fire av sjøane skal overvakast kvart år, for å kunne sjå nærare på effektar av klimaendringar.

DEI STØRSTE: Det er dei 26 største innsjøane i Norge som er med i dette prosjektet, og som den 19. største innsjøen her i landet er Hornindalsvatnet ein av dei. Foto: Anna Wuttudal