Måndag 24. mai avga energi- og miljøkomiteen innstilling om endring i motordferdsellova, forsøksordning for catskiing. Eit fleirtal i komiteen støtta regjeringa sitt syn om å tillate ei prøveordning. Saka skal handsamast i Stortinget  komande fredag, og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier at det er all grunn til å forvente at saka blir vedteken.

Sidan dette er ei lovsak skal den opp til 2. gangs handsaming i Stortinget, og det vil skje i løpet av eit par veker.

– Dette er svært gledelig. No får vi prøve ut denne ordninga. Det skal plukkast ut seks kommunar som skal vere prøvekommunar, og eg er trygg på at Eid kommune vil vere ei av desse.

Eid kommune og Harpefossen skisenter har gjort eit grundig og seriøst arbeid for å legge til rette for catskiing, og eg er heilt sikker på at dette vil bli ein suksess, seier Lødemel i ein kommentar til saka.