Naturvernforbundet i Eid er ikkje heilt fornøgd med grønfargen i kommunen.

– Det vert lagt for stor vekt på vekst og strigling. Det er ikkje særleg plass for mangfaldet. Leveområda for ein del fuglar forsvinn, påpeikar Jakobsen. Naturvernforbundet i Eid har vore kritisk til utfylling av Nordøyrane, men har ikkje vunne fram. No håper dei at Sørøyrane/Osøyrane får vere i fred for inngrep.

Finn meg ei blomstereng

Jakobsen er ikkje ein av dei som vil stå med flagget i handa og ønskje cruiseturistane velkome til Eid.

– Då stikk eg til fjells og finn meg ei blomstereng. Cruisetrafikken er ikkje berekraftig, fastslår Jakobsen. Han tykkjer det er ei særs dårleg løysing å legge skipa så nær busetnaden og nær ei nasjonal lakseelv. Han fryktar belastninga på natur og fjordsystemet, ikkje minst følgjene av bølgjeerosjon og påverknaden på botnfaunaen, men også partikkelutslepp frå eksos.

– Somme får synge for mykje

Jakobsen og Naturvernforbundet i Eid synest det blir for mykje glansbilete.

– Vi synest at somme får synge litt for mykje. Ein bør lytte meir til innbyggjarane. Vi synest nok at dei har blitt litt overkøyrde, seier Jakobsen.

I ei uformell meiningsmåling i Fjordabladet nyleg var det 67 prosent som var negative til cruisesatsinga på Nordfjordeid, 27 prosent var positive, medan seks prosent svarte at dei var «sånn passe» positive til denne satsinga.

– Burde hatt folkerøysting

– Vi burde hatt folkerøysting om cruise. Eid er 30 år for seint ute. No kastar dei seg på toget. Eg trur kanskje folk er litt for redde for å seie si meining, seier Randi Haugland.

– Det verkar som at det ikkje nyttar å seie noko. Når dei har bestemt seg for noko, så blir det slik. Eitt og anna skip er kanskje ikkje så ille, men eg håper det ikkje blir så mange, seier Bodil Sønderland.

– Folk i sørenden får lite støtte frå dei i nordenden, påpeikar Irene Vedvik.

– Det er positivt å vise fram naturen, men det er betre å legge til rette for anna turisme, poengterer Jorunn Vallestad.

– Vi kan heller ta dei med på turar – i lungt tempo, supplerer Bodil Sønderland.

– Det burde ha vore gjennomført ei skikkeleg konsekvensutgreiing. No er det heilt Klondykestemning. Om ein tek til motmæle, får ein følelsen av at det er som å skvette vatn på gåsa, seier leiar i Naturvernforbundet i Eid, Thorleif Jakobsen.

– Naturen er livsgrunnlaget

Naturvernforbundet i Eid hadde tysdag vitjing av fagrådgjevar Jorunn Vallestad frå Naturvernforbundet sentralt i Oslo, og inviterte til møte der tema var naturglede.

– Naturen er livsgrunnlaget vårt. Den er mykje viktigare enn vi tenkjer på til vanleg. Naturen er den viktigaste tenesteytaren vår. Den gir oss reint vatn, mat på bordet, glede og helse, påpeika Vallestad då dei var samla til møte i røykstova på Plassen.

Tilhøyrarane fekk eit interessant og inspirerande føredrag med mange gode eksempel på korleis alt heng saman med alt. Mellom anna korleis ulven som nøkkelart endra landskapet og bidrog positivt til artsmangfald i Yellowstone i USA.

Med mindre artsmangfald og tidlegare slått av engene i landbruket, treng ein å hjelpe naturen litt. I lokal målestokk kan alle gjere noko, til dømes ved å setje opp fuglekasser og å så humlevennlege plantar som ringblome, honningurt og erteblomster i hagen.

– Løvetann i plenen er bra. La det vekse litt vilt, oppmoda fagrådgjevar Jorunn Vallestad.