– Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane utviklar seg svært positivt. Vi må tilbake til desember 2008 for å finne eit lågare månadstal enn i mai i år, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Ved utgangen av mai var det 855 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 127 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 13 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 12 prosent frå same månad i fjor. Det er no 70 927 heilt ledige, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Flora med størst reduksjon

14 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i mai. Reduksjonen er størst i Flora og Selje, med høvesvis 39 og 24 færre ledige enn på same tid i fjor. Lærdal har lågast arbeidsløyse med 0,4 prosent. Deretter kjem Solund med 0,5 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad og Flora, med høvesvis 3,1 og 2,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid.

– Det er verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare, fortel Thorsnes.

Størst nedgang i industri

Samanlikna med mai i fjor, er det nedgang i arbeidsløysa i dei fleste næringsgrupper. Nedgangen er størst innan industri, med 43 færre ledige. Helse, pleie og omsorg er den einaste kategorien som har auke i arbeidsløysa. Dette gjeld hovudsakeleg ufaglært arbeidskraft.

I mai var det 98 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 27 av desse kjem frå bygg og anlegg og 44 frå industri (av dette 34 frå fiskeindustrien).

Positivt for innvandrarar

Talet på heilt ledige innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, er redusert med 35 personar frå mai i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 20 prosent. Innvandrarar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 18 prosent, mens etnisk norske ledige har ein reduksjon på 10 prosent.

– Innvandrarar har frå før høg arbeidsløyse. Dei er ofte dei første som må gå når tidene blir dårlegare. No når arbeidsmarknaden er i betring, kjem mange inn att, seier Thorsnes.

Auke i stillingstilgangen

Stillingstilgangen har auka med 23 prosent, samanlikna med mai i fjor. Auken er størst innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag og reiseliv/transport. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, undervisning, reiseliv og transport.

KommuneHeilt ledigeProsent avArbeids-styrkenEndringfrå i fjor(tal)Endringfrå i fjor(%)
I alt fylket8551,4-127-13
Flora1802,8-39-18
Gulen131,0-3-19
SolundX20,500
Hyllestad233,1744
Høyanger492,4717
Vik120,8-5-29
Balestrand81,100
Leikanger131,1686
Sogndal420,9-7-14
Aurland101,0343
Lærdal50,4-12-71
Årdal411,5824
Luster311,113
Askvoll201,3-2-9
Fjaler120,8-8-40
Gaular181,1320
Jølster171,0-2-11
Førde731,0-21-22
Naustdal231,500
Bremanger462,5-20-30
Vågsøy802,5-13-14
Selje352,4-24-41
Eid290,9-6-17
Hornindal71,170
Gloppen270,900
Stryn391,0-7-15

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Sogn og Fjordane ved utgangen av mai. Kjelde: NAV Sogn og Fjordane