– Det er svært viktig for kvaliteten på tilbodet til innbyggjarane at ansvaret for tannhelsetenesta framleis skal liggje til fylkeskommunane. Det er ekstra viktig for oss i Sogn og Fjordane. Vi har mange små kommunar som måtte ha nytta interkommunale samarbeid for å handtere tannhelsetenesta og sikre eit effektivt og fagleg forsvarleg tilbod på, seier Følling.

Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget la 1. juni fram innstillinga si for framtidig organisering av den offentlege tannhelsetenesta (DOT). Der konkluderer komiteen med at tannhelsetenesta framleis skal liggje til fylkeskommunane.

Større og sterkare fagmiljø

Regjeringa har tidlegare føreslege å flytte ansvaret for tannhelsetenesta frå fylkeskommunane til primærkommunane. Forslaget har møtt sterk motstand frå både eit samla odontologisk fagmiljø, fylkeskommunar, kommunar og KS. Framlegget får no altså heller ikkje fleirtal i Stortinget når saka skal handsamast 8. juni.

– Fylkesordførarane landet over har peika på det paradoksale i at regjeringa argumenterer for ei kommunereform som skal sikre større og sterkare fagmiljø, medan framlegget til ei tannhelsereform ville ha verka heilt motsett. Overføring til kommunane ville ført til ei oppsplitting av dei fagmiljøa vi har i dag. Vi er difor svært glade for at fleirtalet i helse- og omsorgskomiteen har lytta til argumenta våre, slår Følling fast.

Ho er glad for at fleire moment i intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland har falle på plass den siste tida, og viser spesielt til avgjerda om at leiinga for Fylkesmannen skal liggje på Leikanger.

Tilpassing til framtida

Kritikarane av framlegget til regjeringa om å endre forankringa til tannhelsetenesta til kommunalt nivå har særleg peika på at dagens modell har gjeve svært gode resultat. Fylkeskommunane driv eit viktig førebyggande arbeid, og det er no relativt god dekning av tannlegar nasjonalt, også når det gjeld spesialistar.

– Over tid er det bygd opp sterke og stabile fagmiljø i fylka, og her i fylket tilpassar vi oss framtida sine behov ved å gjere nødvendige organisatoriske grep frå 2018, seier fylkesordføraren.

Forsøksordning for inntil 15 kommunar

Komiteen legg samstundes opp til at kommunar som ønskjer det, kan søkje om å få overta ansvaret for tannhelsetenesta frå 2020 – som ei forsøksordning.

Inntil 15 kommunar kan få gjennomføre eit slikt forsøk fram til 2023, då det skal gjerast ei samla evaluering av forsøksprosjekta. Her vil det vere viktig å prøve ut ordninga i både store og mindre kommunar.