I overkant av 30 aksjonærar var samla i Måløy onsdag denne veka for å delta på generalforsamlinga til Nordfjord Vekst.På generalforsamlinga under saka om framtida til Nordfjord Vekst var det stor semje blant aksjonærane om at dagens organisering av selskapet ikkje fungerer optimalt. Det er eit ønskje om mindre politisk styring av vekstselskapet, og meir fokus på næringsutviklingsprosjekt. Det er også tydeleg at kommunereforma har sett sine spor i arbeidet til Nordfjord Vekst.

Etter ein lang diskusjon, vedtok generalforsamlinga å sette ned eit utval som skal sjå på ulike modellar for framtidig organisering av vekstselskapet. Det var konsensus for at ein treng en modell som tillet å ha dedikerte ressursar i kvar kommune, anten som eige eller delt selskap med samarbeidsmål. Utvalet vil kome med forslag til ny organisering innan 1. september.

Utvalet vil bestå av Sindre Kvalheim og Einar Rune Sætren frå næringslivet i Vågsøy, Olav Steimler frå næringslivet i Selje, John Olav Lefdal frå næringslivet på Eid, og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Humborstad.

Lefdal inn i styret

På generalforsamlinga vart to nye næringslivsrepresentantar frå Eid og Selje valde.

Som representant frå næringslivet i Eid kommune vart John Olav Lefdal valgt. Lefdal er forretningsmann og investor med stor aktivitet i midtre Nordfjord, blant anna via selskapet Lefdal Invest AS. Ove Kjøllesdal, daglig leiar i Eid Elektro, vart vald som personleg vara for Lefdal. Som representant frå næringslivet i Selje vart Olav Steimler vald. Steimler er dagleg leiar for Arctic Linefish AS i Ervik Havfiske Gruppen. Dette er eit internasjonalt salsselskap for Norges største og leiande linebåtrederi. Trond Inge Kvernevik, dagleg leiar i Fiskevegn, har takka ja til å vere personleg vara for Steimler.

Det nye styret

Nordfjord Vekst sitt styre for den komande periode ser då slik ut:

RolleMedlemPersonlig varaValgt avPå valg
1. LederKåre FurnesEinar Rune SætrenA-aksj.2018
2. NestlederOlav SteimlerTrond Inge KvernevikA-aksj.2019
3. StyremedlemJohn Olav LefdalOve KjøllesdalA-aksj.2019
4. StyremedlemPer Jørgen SildenOdd Rune HeggelundA-aksj.2018
5. StyremedlemKristin MaurstadKristian SkibenesVågsøy kommune
6. StyremedlemEli Førde AarskogAlfred BjørloEid kommune
7. StyremedlemJan Vidar SmenesStein Robert OsdalSelje kommune