Ketil Sandviken har takka ja til sluttpakke. Dagens kommunestyremøte i Skjåk var derfor det siste han dekte, iallfall i utgangspunktet. Han signaliserte at det truleg vil vera aktuelt å halde fram som frilanser ei stund til.

Ordførar Elias Sperstad takka Ketil Sandviken for at han har halde ut så mange år som journalist.

– Det er ikkje mange som kjenner Ottadalen så godt som deg, Ketil. Eg vil på vegner av Skjåk kommune takke for eit godt samarbeid. Det er ikkje enkelt å strekkje til i alle kommunar, men eg set frykteleg stor pris på at du har teke alle turane til Skjåk. Faktisk kan vi vel rekne deg som halv skjåkvær, spøkte ordførar Sperstad.

Ketil Sandviken starta si yrkeskarriere som journalist i 1980, men dekte sitt fyrste kommunestyremøte allereie i 1978.

– Eg har alltid likt meg godt i Skjåk. Her er folk spontane og gjestfrie. Det har alltid vore triveleg å koma hit, sa Sandviken, som slo fast at han ser «kolossalt store moglegheiter for Skjåk», som han uttrykte det.

– Eg tenkjer spesielt på sentrum. Inga anna kommune har så godt eit sentrum, så flatt, med så mykje areal, med så mange spennande moglegheiter. Det kan gjerast eit skup med dei moglegheitene som ligg i sentrum, men da må dykk ikkje etterlikne andre, sa han.