Det er nedsett eit utval som skal vurdere endringar i Fjellova. Dette skal resultere i ei offentleg utgreiing våren 2018.

Forbundsstyret i Norges jeger og fiskerforbund (NJFF) har gjort vedtak der ein vil fjerne skiljet mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande på småviltjakt med hund, oter- og garnfiske. Dette forslaget er sendt utvalet som ser på «nye» Fjellova.

Forslaget frå NJFF har skapt sterke reaksjonar i jeger- og fiskeforeiningane i Oppland som har statsallmenning.

Jakt og fiskerforeiningane i Oppland er sterkt ueinige i å fjerne skiljet mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande når det gjeld jakt og fiske i statsallmenningane.

14 leiarar i lokale jeger- og fiskerforeiningar i fylket har skrive under på eit brev som er sendt til regionrådet for Nord-Gudbrandsdal, der dei ynskjer politisk støtte i kampen for at innanbygdsbuande skal behalde dei rettane dei har i dag.

– Innanbygdsbuande sin rett til jakt og fiske i statsallmenning er ein allmenningsrett som opparbeidd over fleire hundre år, skriv dei.

Brevet er skrive under av blant andre leiarane i Vågå jeger- og fiskerforening, Lom jeger- og fiskeforening, Skjåk jeger- og fiskarlag.

Det er også sendt brev til forbundsstyret i NJFF og bede dei endre vedtaket, og til Statsallmenningsutvalet som skal gjennomgå fjellova.

Dei lokale jeger- og fiskerforeiningane i Oppland ynskjer inga endring i lova når det gjelder jakt og fiske, eller praktisering av dette.

– Vi synes fjellstyra driver ei fornuftig og god forvaltning av jakt og fiske, og det er vår oppfatning at fjellstyra praktiserer ei rimeleg fordeling av jakt- og fiskekort mellom innanbygdsbuande og utanbygdsbuande, skriv dei i uttalen.