Langt bortimot ein million tv-sjåarar såg «Gutta på tur» da serien gjekk på TV 2 gjennom nærare 50 episodar i perioden 1995 til 2002.

Nyleg vart det kjent at turkameratane Arne Brimi, Arne Hjeltnes, Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang gjer tv-comeback til hausten – 15 år etter at den siste episoden av den populære serien vart sendt.

Denne veka starta innspelinga av den komande sesongen av «Gutta på tur», og dei fyrste opptaka vart gjort i vårt dalføre. Mellom anna vart ein tur opp til Galdhøpiggen skildra, der forholda var så bra at Arne Brimi kunne lage mat på primus. Med på den fyrste turen, opp på «Noregs tak», var skiløparen Petter Northug.

– Petter hadde aldri vore på Galdhøpiggen tidlegare, og vi fekk ein heilt fantastisk dag med tur opp dit. Nydeleg vêr, vindstille og strålande sol. Dette gler vi oss til å vise TV 2-sjåarane til hausten, seier Arne Hjeltnes til TV 2.

Som tidlegare skal dei fire turkameratane Brimi, Hjeltnes, Dæhlie og Ulvang ha med seg ein kjent og kjær gjest på kvar av turane sine. Det er derimot ikkje kjent kven som skal vera med i dei andre episodane.

I alt skal det spelast inn fire episodar av «Gutta på tur» som skal sendast på TV 2 i haust.

– Det er utruleg stas å vera samla att. Ulvang stilte i t-skjorte frå 1994, så eg føler nesten det er som om førre «Gutta på tur»-runde var i går. Nostalgisk, rett og slett, seier Arne Hjeltnes til TV 2.

I tillegg til opptaka frå turen til Galdhøpiggen, har det etter det Fjuken kjenner til også vore filma mellom anna på Røisheim, Vianvang og i Lom sentrum.

Innspelinga av den fyrste episoden er ikkje ferdig, og opptaka held fram.

Sjå bildeserie frå innspelinga av «Gutta på tur» øvst i artikkelen.