– Eg har drive Vågå Arrangement Service i snart tre tiår. Nå overlet eg skuta til nye krefter. Det er ei tid for alt, seier Stein Åldstedt (65).

Staale Nyhus på Hundorp tok over som ny eigar og dagleg leiar i selskapet den 1. juni.

– Sambuaren min og eg kjem til å vere like aktive i drifta av selskapet – akkurat slik Stein har vore, fortel Nyhus.

Kontorbygg og lagerhall er organisert i eige selskap, og følgjer ikkje salet.

Den nye eigaren skal leige lokala ut året, før han flyttar drifta til Sør-Fron.

– Det er stor etterspørsel om å leige lokala, seier Stein Åldstedt.

Parallelt med arrangement og utleige av selskapstelt, har Stein Åldstedt også drive med sal av slike telt. Dette er noko han skal fortsetje med. Han har stifta Vågå Alutelt Service og er eineimportør av telt frå fabrikken i Danmark han har samarbeidd med i alle år.

Stein Åldstedt ser fram til å få det meir roleg. Han vil framleis reise rundt og besøkje kundar rundt om i landet, men denne reisinga blir ikkje i nærleiken av det han har drive med.

Stein Åldstedt har farta land og strand med bilar fulle av telt og utstyr. Det har vorte mange mil, frå Oppdal i nord til Oslo i sør, Østerdalen i aust og mot havgapet i vest.

– Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldans er to store festivalar vi har levert telt og utstyr til. Både her i Ottadalen og andre plassar, seier Åldstedt.

Stein Åldstedt starta Vågå Arrangement Service i 1989 saman med Knut Berg og Asbjørn Letrud. Selskapet såg dagens ljos i samband med Vågåmessa og Vassviku, to store og populære arrangement som trekte mykje folk.

Da Berg og Letrud trekte seg ut på 90-talet, vart selskapet gjort om til eit aksjeselskap.

Etter at Åldstedt gav seg med Vågåmessa som vart arrangert i 17 år, satsa han meir på utleige av selskapstelt.

– Eg måtte velje kva eg skulle drive med. Det beste er å reindyrke ein ting, seier Åldstedt.

I løpet av åra har han levert telt og utstyr til både små og store arrangement. Alt frå barneselskap til jubileum, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og festivalar.

– Ingen gravferder?

– Å jauda. Eg har også levert telt til attpålag etter gravferd, seier Stein Åldstedt.

På lageret har Stein Åldstedt hatt hyllerader med tusenvis av kvadratmeter med selskapstelt.
Kontorbygget og lagerhall er organisert i eige selskap, og følgjer ikkje salet av Vågå Arrangement Service.