vignettbilde

Noreg har frå

historisk tid alltid hatt samkvem med europeiske land på ein eller annn måte. Frå 1973 vart dette samkvemet formalisert gjennom ein tosidig frihandelsavtale, ein avtale der Noreg og dei europeiske landa (EF) var likeverdige partar. Det kom ingen direktiv/lover frå Brüssel. Noreg var framleis eit fritt, suverent land med sjølvråderett til å føra vår eigen politikk både i innanrikssaker og i utanrikssaker.

Grunnlova § 1: «Kongeriget Noreg er et frit,selvstendigt, udelelig og uavhendeligt Rige. Dets Regjeringsform er Indskrenket og arvelig monarkisk.» Gro Harlem Brundtland,Ap statsministeren, overklassedama, næringslivstilhengjaren og forkjemparen for at Noreg skulle bli medlem av EU, tok initiativ til EØS-avtalen, steg 1. på vegen mot fullt EU-medlemskap.

Frank Bakke-Jensen, noverande EU-EØS minister har skreve ein artikkel i mange av avisene i landet der han lovprisar EØS-avtalen. (Dei tidlegare EU-EØS-ministrane Vidar Helgesen og Elisabeth Aspaker gjorde det same med svulmande ordelag). Å tilretteleggje for fri flyt av kapital, arbeidskraft, varer og tenester for å tene næringslivsinteressene er blitt applaudert av eit fleirtal på Stortinget i desse tjuefem åra.Erna Solberg, Jonas Gahr Støre (sjølv involvert i næringslivet), Jens Stoltenberg, Thorbjørn Jagland, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide er alle tilhengjarar av EØS-avtalen. Alle framhever dei det fantastiske ved EØS-avtalen og dei fordelane denne avtalen har for Noreg. Frank Bakke-Jensen, EU-EØS-ministeren, ytrar seg i god, arrogant og nedlatande EU-EØS åndnår han skriv fylgjande i avisartikkelen sin: «I dag er det stemmer her hjemme som i fullt alvor mener at det er fornuftig og framtidsrettet å melde seg av igjen», med andre ord å sei opp EØS-avtalen.

Det er nettopp det det er Frank Bakke-Jensen! Å gjera det er både framtidsretta og eit forsvar for demokrati og sjølvråderett. Dåværande handelsminister Bjørn Tore Godal signerte EØS-avtalen på vegne av Noreg den 2. mai 1992. Den dagen «flytta» han Stortinget, den lovgivande nasjonalforsamlinga i Noreg til Brüssel. Lovar og reglar tok etter kvart til å koma frå Brüssel og ikkje frå Stortinget. Frå då av vart norske stortingspolitikarar sett på sidelina i arbeidet med å utvikle Noreg i samsvar med norske verdiar og tradisjonar. EØS-avtalen fekk nemleg djuptgripande konsekvensar for fleire område av det norske samfunnslivet. Distriktspolitikk, offentlege kommunikasjonar, offentleg styring, arbeidslivspolitikk, import av varer og tenester, tilsetjingsstoff i matvarer, alkoholpolitikk, heimfallsretten, import av matvarer, kontroll av matvarer, marknadsretting av velferdstenester, gassprispolitkk, tildelingspolitikk av olje- og gass konsesjonar (ikkje lenger lov å favorisere norske selskap), likestillingspolitikk, bruk av giftige stoff i industrien, offentleg næringsstønad. EØS-avtalen, der «medlemskapskontigenten» er 4,5 milliardar kroner i året, har med andre ord store konsekvensar for den høgt skatta norske samfunnsmodellen.

I EØS-avtalen er det opning for å leggje ned veto, forkaste direktiv frå Brüssel, men med unnatak av vetoet mot postdirektivet, noko som seinare vart oppheva, har norske styresmakter godkjendt alle direktiva frå Brüssel. Det norske folk gjenom staten og offentleg sektor er lokomotivet i samfunnsbyggjinga. Staten, når dei folkevalde representerer folket, slik Abraham Lincoln gjorde det i USA, har eit heilheitssyn og ivaretar dei ulike sidene ved å tilretteleggje for samfunnsutvikling i heile landet. Dette fungerte særs godt ved gjenreisingsarbeidet i Noreg etter den 2. Verdskrigen. EØS-avtalen tilrettelegg no for privatisering av offentlege tenester og kortsiktig vinning. Fellesskapet vert skadelidande.

Alle reformane, som noverande regjering har sett i verk, er alle eit resultat av EØS-avtalen. Frank Bakke-Jensen, det er mange i dette landet som vil erstatte EØS-avtalen med ei modernisert utgåve av den gamle frihandelsavtalen. Dersom du, Frank Bakke-Jensen, ser på deg sjølv som ein politikar som vil arbeide for folket og ikkje for at storkonsern skal få mest mogeleg profitt, er det på tide at du tar av deg skylappane dine og kanskje ser klårare at EØS-avtalen aldri har vore noka velsigning for Noreg og det norske folk. Det er denne velsigninga du og fleirtalet på Stortinget har tuta øyrene til det norske folk fulle med i tjuefem år.

Så lenge, og så ofte som mogeleg, har de dreve dette spelet, at de sjølve er blitt suggererte til å tru på denne bodskapen. Det norske folk gjer ikkje det lenger. Ved stortingsvalet hausten 2017 er det difor viktig å stemme på parti som vil utvikle Noreg til det beste for folk flest utan EØS-avtale. Frank Bakke-Jensen, Noreg vil samarbeide og samhandle med EU og dei andre landa i verda, men det norske folk vil ikkje lenger bu på ein husmannsplass kontrollert av Brüssel.