Heile programmet er sleppt

 

Klangen av Norden og lyden av verda på Førdefestivalen 2017

Heile programmet og oversikt over alle artistar vert offentleg i dag, torsdag 23. mars. Billettar til alle konsertar vert tilgjengelege på TicketCo.no. Her kan du lese pressemeldinga om programmet på Førdefestivalen 2017:

Forboden musikk frå Kapp Verde på toppen av Hafstadfjellet, 706 m o h; ørkenblues frå Mali på elvebreidda ved Jølstra; samba frå Brasil i ein låve oppunder fjellet, nyskapt ‘arkivmusikk’ midt i ei kunstutstilling; sylskarpe bulgarske kvinnestemmer i kyrkjerommet; tango direkte frå Buenos Aires, moderne samisk joik og videokunst i intim teatersal og ei storstila satsing på nordisk folkemusikk er noko av det publikum får oppleve på den 28. Førdefestivalen, 5.-9. juli i år. -Temaet for Førdefestivalen er Klangen av Norden, seier Hilde Bjørkum, men festivalen er også Lyden av verda!

Nordisk folkemusikk og kultur slår godt an internasjonalt.  -Til opningskonserten 6. juli gjer vi ein nyproduksjon som er den største vi nokon gong har gjort, fortel Bjørkum. Prosjektet, med tittel Nordic Sound Folk Orchestra, vert leia av den svenske orkestergeneralen, Karl Johan Ankarblom, og blir eit storslått folkemusikkorkester med 40 nordiske folkemusikarar, solistar og komponistar frå 4 nordiske land. -Det vil gå tiår før vi får sjå ei liknande samling nordiske folkemusikarar på scena igjen, seier Ankarblom, og ser audmjukt på oppgåva han har fått. 

I konserten skal orkesteret framføre både nyarrangert tradisjonsmusikk og nyskriven musikk av Jorun Marie Kvernberg (NO), Mia Marin (SE), Antti Järvelä (FI) og Harald Haugaard (DK). Dei er også solistar på konserten, saman med Olov Johansson (nyckelharpe), Olav Luksengaard Mjelva (hardingfele), og dei nordiske vokaldronningane Lena Willemark (SE), Ulla Pirttijärvi-Länsman (FI/Sapmi) og Berit Opheim (NO).  Medverkande i orkesteret er òg Norges mestvinnande spelemannslag, Gudbrandsdølenes Spelemannslag, og medlemer frå finske Baltic Crossing, svenske Folk All-in Band og danske Harald Haugaard band.

 

Sigrid Moldestad og vener spelar på festivalen. Foto: Kil Bakken

Sigrid Moldestad og vener spelar på festivalen. Foto: Kil Bakken

Sigrid Moldestad og Samuline - 10 år etter TAUS – historisk kvinnekamp med dagsaktuell appell

Ti år etter Sigrid Moldestad sin suksess med TAUS og historia om Samuline Seljeseth og spelekvinnene som spelte fele mot menn og øvrigheita sin vilje, får oppfølgjaren premiere under Førdefestivalen: Samuline - frå fela flyg din song.

For Sigrid Moldestad er temaet endå meir aktuelt no enn for ti år sidan. -Det at nokre trassa frykta for å bli stempla og det at nokon let seg truge til å teie, er skremmande aktuelt. Det at nokon prøver å styre kva og korleis vi skal vere og kva vi skal gjere basert på sine religøse og ideologiske overtydingar, er viktig å minne oss om.  Det har også hendt her. Vi trur det er noko som angår andre, og gløymer at vi har hatt historier her heime som handlar om det same, seier ho. -Vi må aldri bli tause igjen. Vi må alltid fortelje vidare. Vi må støtte kvarandre og vere bevisste vår eigen fridom som kvinner og individ. Den har ikkje kome av seg sjølv.

- Sigrid Moldestad er ein fabelaktig musikar og artist, og denne framsyninga er både viktig og høgst aktuell, seier Hilde Bjørkum, direktør for festivalen, som også er samarbeidspart og co-produsent for produksjonen.  Sigrid har med seg eit sterkt lag av musikarar, og vi ser med spenning og glede fram til upremieren i Førde laurdag 8. juli.

 

Tinariwen frå Mali kan du oppleve på Festplassen, i parken ved Jølstra laurdag 8. juli.

Tinariwen frå Mali kan du oppleve på Festplassen, i parken ved Jølstra laurdag 8. juli.

Musikken du ikkje visste at du elska - frå 30 arenaer

Førdefestivalen har ein visjon om å gje publikum nye opplevingar. Artistane På festivalen har internasjonale karrierer, men er ukjende for folk flest i Norge. Publikummet i Førde er opne og nysgjerrige og oppsøker artistar som er nye for dei, forklarer Bjørkum. -Eg kjenner meg privilegert som får lage ein festival med artistar du ikkje kan høyre på alle andre festivalar rundt i landet. Programmet vårt er unikt. Ingen andre stadar i Norge kan du høyre så mange ulike musikkulturar og -uttrykk «servert på eitt brett» som i Førde under festivalen. 

 

Unik er festivalen også når det gjeld talet på arenaer som vert tekne i bruk. -I år skal meir enn 30 scener fyllast med toppnamn frå den internasjonale verdsmusikkscena, m.a. dei Grammy-vinnande kongane av ørkenblues, Tinariwen, som nyleg har sleppt album til strålande kritikkar, seier Hilde Bjørkum.  - Frå USA kjem verdas beste klezmerband, The Klezmatics, som feirar 30-års jubileum, og vi har det verdskjende koret Bulgarian Voices Angelite og det heitaste fadonamnet om dagen, Ricardo Ribeiro, på programmet. Hovudtyngda av programmet foregår i Førde, men det vert òg festivalarrangement i heile 6 andre kommunar i regionen.

 

Kouame Sereba skal ha konsert på Halbrendstølen: Ut på tur, aldri sur!

Kouame Sereba skal ha konsert på Halbrendstølen: Ut på tur, aldri sur!

Alder inga hindring

Ein annan visjon for Førdefestivalen er å vere ein møteplass og arena for felles musikkopplevingar på tvers av generasjonar.  - Det er ein verdi i seg sjølv å skape slike fellesarenaer, i dagens samfunn der vi ofte ser ein motsett tendens, meiner Bjørkum.  Med mange lågterskeltilbod, som morgonstund-konsertar i barnehagar, samarbeid med Barnas Turlag, musikkverkstadar for born og familiar og gratis festivalfrukost og festivalparade, ligg det vel til rette for dei som vil ta med born på festival. Siste dag på festivalen er det gratis familiedag med minikonsertar og aktivitetar. Barnebillett på ordinære konsertar er kr 50,-, også det ei klar oppmoding om å ta med borna på festival, i følgje Bjørkum. 

 

Opning av ny klubbscene i Førde

Festivalen «tjuvstartar» med fleire arrangement i Førde og nabokommunane onsdag 5. juli, mellom anna med nyproduksjonen Sunniva no med folkemusikaren Gro Marie Svidal i spissen, der publikum får oppleve legenden om St. Sunniva i nytt perspektiv.  Same kveld vert det opning av den nye klubbscena i Førde, på festivalhotellet Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, med den amerikanske felelegenda Bruce Molsky på scena.  Stortingspresident Olemic Thommessen står for den offisielle opninga av årets festival under opningskonserten torsdag 6. juli.

 

Sjå alle artistar

Sjå program

 

Komplett artistliste for Førdefestivalen 2017

Nordic Sound Folk Orchestra NO/SE/FI/DK Tinariwen ML The Klezmatics US Ricardo Ribeiro PTBulgarian Voices Angelite BG Titi Robin Trio FR Mokoomba ZW Félix Lajkó Trio HU Folk All-in Band SE Mamadou Diabaté BF Väsen SE Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre ES Molsky’s Mountain Drifters US Annbjørg Lien & Roger Tallroth NO/SE Bitori CV Lena Willemark/Berit Opheim/Ulla Pirttijärvi-Länsman SE/NO/FI Ingfrid Breie Nyhus/Knut Buen NO Dàimh GB Baltic Crossing FI/DK/GB Casuarina BR Asere CU La Porteña Tango Trio & Eugenia Giordano AR Fargana Qasimova Ensemble AZ Helene Blum & Harald Haugaard Band DK Sulheim/Odde/Brimi - Atterljomen NO Sigrid Moldestad med vener NO Elle Márjá Eira Trio NO ComboNations IR/SN/IN/MR/CI/NO Gabriel Fliflet/Berit Opheim NO Gudbrandsdølenes Spelmannslag NO Javid Afsari Rad Trio IR/NO Kouame Sereba CI/NO Gro Marie Svidal NO Erlend Apneseth NO Vetle Springgard NO Martin Myhr NO Synnøve Bjørset NO Linda Gytri NO Talent 2017 CU/CO/NO Sverre Indris Joner NO Hilde Fjerdingøy NO Hamid Sakhizada AF Aissa Tobi MA/NO Indre Sunnfjord spelemannslag NO Ingunn Bjørgo og Åsmund Reistad NO Jigme Drukpa BT Jorun Marie Kvernberg NO Kari Malmanger NO Ole Nilssen NO Øyvind Hegg-Lunde NO Hilde Marie Holsen NO Vidar Underseth NO Torill Steinjord NO Dagfrid Vallestad Brevik NO Polka med støyt NO Vrang NO Labakkalaget NO

 
Torill Gundersen