Frederick Delius (1862-1934) blir saman med Ralph Vaughn Williams og Edward Elgar rekna for å vera av dei mest markante britiske komponistane før andre verdskrig, men det var Norge som var hans åndelege heim og han elska Lesjaskog over alt på jord. Han såg på det som vakraste plassen i verda, sa Andrew J. Boyle i sitt foredrag for eit meir enn fullsett auditorium i Lesjaskog skule laurdag.

Ekstraordinær musikkhistorie

Forfattaren, komponisten, regissøren og skodespelaren Boyle tok doktorgrad på Delius for 30 år sia, og laga i hop med NRK ein dokumentar om den strabasiøse turen som vennen, den australske komponisten Percy Grainger, kona og tenestejenta til Delius og høgst sannsynleg lesjaskogingen Ola Nordsletten hadde til Liahovda 1. august 1923. Dei bar en sjuk og sterkt svekka Delius på ein krakk mellom seg på to stenger slik at skulle få sjå «de høye fjelle» ein siste gong før han vende attende til heimlandet. Turen tok sju og ein halv time opp og fem timar ned

Dette er av dei mest ekstraordinære opplevingane i europeisk musikkhistorie, fastslo Boyle, han tok doktorgrad på Delius for 30 år sia.

Grieg var innfallsporten. Delius såg opp til den norsk tonekunstnaren, ikkje så mykje det folkemusikalske, sa professor Asbjørn Eriksen. Men ein finn att vendingane, spesielt det berømte Grieg-motivet i a-mollkonserten.

Gjenskapte turen

Over 50 møtte opp søndag for å gå opp att turen til Liahovda, og krakken som vart brukt i 1923 stod utstilt ved tablået i gangen på Fjellnær, likeeins gyngestolen.

Det har seg nemleg slik at foreldra til Gudrun Haraldsen Faukstad kjøpte hytta om Delius fekk bygd seg i Øverli i 1922, Villa Høifagerli, i 1934. Ho vart rett nok reve i 1959, men inventaret og ein del materiale er intakt.

Delius er av dei store i verdsmusikken og da er det artig å trekkje han fram att i ljoset, seier ektemann og professor Jon Faukstad. Han har prøvd før, nå tok Lesja kommune kontakt for å markere jubileet og det vart svært vellykka.