Seier Hardanger sin stortingsrepresentant Terje Breivik til HF. Han bad i eit brev til justisministeren før sommaren, om reversering av vedtaket om at utanlandske sesongarbeidstakarar no må registrera seg på nyoppretta kontor; for Hardanger sin del hjå Hordaland politidistrikt i Bergen. Dei kan ikkje lenger ordna naudsynte papir på næraste lensmannskontor.

– Det er jo fornuftig og vel og bra at regjeringa opprettar nye servicekontor. Føremålet effektivisering og robuste fagmiljø er bra, men ein må kunna ha to tankar i hovudet samtidig. Hensikta er å gjera det enklare. Men i 2015 kan det ikkje vera naudsynt at næringsdrivande i distriktet må ta turen heilt til Bergen for dette, seier Breivik.

Effektivt, men tungvint

Anundsen sitt svar om at han har «forståelse for at omleggingen kan medføre enkelte ulemper, men håper dette kan veies opp ved at publikum opplever eit høgare servicenivå», er ikkje godt nok for Breivik og dei som kjenner vedtaket på kroppen.

– Eg vil ta saka opp direkte med regjeringspartia. Anten kvar for seg, eller som del av budsjettforhandlingane til hausten, seier Breivik som er overtydd om at regjeringspartia er samde om å finne fram til ei ordning som gjer det minst mogleg brysamt for bønder, reiseliv og andre næringsdrivande i distriktet.

Til Bergen

Frå 15. juni i år må utanlandske arbeidstakarar registrerast på såkalla SUV-kontor i Bergen, Stavanger og Oslo. Fram til då kunne naudsynte papir og løyve ordnast på lensmannskontoret.

Reaksjonane var sterke hjå fruktdyrkarar og reiseliv. Det tek ein arbeidsdag for ein konsultasjon på 5–15 minutt. Nokre arbeidsgjevarar må ta turen fleire gonger.

Då HF skreiv om saka tidlegare i sommar, fekk me opplyst på lensmannskontoret i Odda at det ikkje er problem å halda fram med ordninga.

Argument?

– Dei skal ha gode argument for at eg og Venstre skal godta at me ikkje finn ei ordning som gjer at dei som har lang reiseveg til Bergen, må ta turen, seier Breivik.

– Her handlar det om små einingar utan eigne administrasjonsavdelingar. Me må verta einige om ei ordning som varetek fleire omsyn, seier Hardanger sin representant på Stortinget.