10 kjappe: Didrik Sereba

Bli betre kjent med 22-åringen frå Holmlia.

<em>Foto: Arne Flatin</em>
Foto: Arne Flatin

Namn: Didrik Sereba
Alder: 22 år
Fødestad: Oslo
Posisjon: Kant
Tidlegare klubbar: Holmlia, Lyn, Follo

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg står som oftast opp tidleg og er med sonen min Noah. Det hender at eg arbeider på Ulstein vidaregåande skule på formiddag, om ikkje tek eg meg ei treningsøkt på Høddvoll. Vidare er det heim og ete, før det er ny økt med laget. På kvelden slapper eg av heime med fruen og Noah.

2. Beste fotballminne?
- 2-målssiger i serien mot Lyn G14 på Lusetjern kunstgras. 

3. Beste medspelar?
- Gøran Van den Burgt (Lyn).

4. Beste motspelar?
- Mats Møller Dæhli.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.

6. Lagets kjekkas?
- Badr Rahhaoui.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Holmlia G15 2010:
Keeper: Dinh Tran Doan.
Forsvar: Ilyas Atay, Dadi Dodou Gaye, Abdellatif Elmoussasoui, Soheil Bigdeli.
Midtbane: Haroon Malik, Omar Abdirahman, Harmohan Singh.
Angrep: Moussa Njie, Didrik Sereba, Ayyub Bouallala.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg har gått på 3 forskjellige vidaregåande skular.

9. Kva tankar har du om overtidstapet mot Molde?
- Eit veldig surt tap, men vi må ta med oss det positive frå kampen. Vi spelar til tider jamnt med, og betre enn Molde, noko vi kan bygge vidare på i fortsettelsen.

10. Kva tankar har du om kampen mot Nest-Sotra komande søndag?
- Det blir ein artig kamp. Eg håpar så mange som mogleg tek turen og støttar oss!

Annonse: