10 kjappe: Eirik Haugan

Bli betre kjent med nysigneringa Eirik Haugan.

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Namn: Eirik Haugan
Alder: 19
Fødestad: Ålesund 
Posisjon: Midtstoppar
Tidlegare klubbar: Molde og Olympique Marseille

1. Korleis ser din kvardag ut?
- Eg har ikkje komt heilt inn i den nye kvardagaen enda, men no går det for det meste i ei formiddagsøkt, før det er trening med laget på ettermiddag. På kveldstid lagar eg oftast mat til Badr og Amani.

2. Beste fotballminne?
- Det må vere cupgull med Molde i 2014.

3. Beste medspelar?
- Lassana Diarra.

4. Beste motspelar?
- Tommy Aure Monsen, romjulscup 2014.

5. Lagets klovn?
- Badr Rahhaoui.

6. Lagets kjekkas?
- Sondre Beite.

7. Korleis ser din draume-11ar ut?
Keeper: Neydson da Silva.
Forsvar: Henrik Bjørdal, Leo Østigård, Stian Gregersen, Eirik Hestad.
Midtbane: Eskil Rønningen, Eirik Haugan (C), Sander Berge, Sebastian Remme Berge.
Angrep: Tobias Svendsen, Sander Svendsen.

8. Fortell noko folk flest ikkje veit om deg:
- Eg er veldig skuleflink.

9. Kva tankar har du om sigeren mot Nardo i helga?
- Det var tre meget viktige poeng mot serieleiaren, samt vår tredje strake siger. Vi er på gang.

10. Kva tankar har du om kampen mot din tidlegare klubb Molde komande onsdag?
- Det er først og fremst utrulig kjedeleg å ikkje kunne få spele sjølv. Vidare trur eg på ein jamn kamp der vi står i mot og vinn 1-0.

Header: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet

Annonse: